Avdeling for verksemdstyring
Avdelinga legg til rette for effektivitet, kvalitet og innovasjon i styring, kontroll og oppgåveløysing i direktoratet.
Sist oppdatert : 23. september 2024Avdelinga koordinerer prosessar for å fastsette mål; prioritere, planlegge og budsjettere; og følge opp, lære og rapportere. Dei koordinerer styringsdialogen med oppdragsgivarane våre.
Avdelinga har òg ansvar for å legge til rette for god dokumentasjonsforvaltning, og for arkivet i HK-dir. Dei har ansvar for drifta av kontorlokala våre, og for å legge til rette for intern sikkerheit og beredskap.