Avdeling for yrkesgodkjenning og rettleiing
Avdelinga har ansvar for godkjenningsordninga for lærar og styrar/pedagogisk leiar i barnehage.
Sist oppdatert : 23. september 2024Dette er lovregulerte yrke – det vil sei at personar med utanlandske kvalifikasjonar må ha godkjenning for å få fast jobb som lærar eller styrar/pedagogisk leiar i barnehage i Noreg.
Avdelinga har òg et særskilt ansvar for rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning hos ulike interessentar. Det er mellom anna søkarar til godkjenningsordningane våre, andre godkjenningsmyndigheiter, integrerings- og hjelpeapparat og utdanningsinstitusjonar i Noreg. Dei rettleier òg utanlandske interessentar om det norske utdanningssystemet.