Hopp til hovudinnhald

Stab for kommunikasjon

Stab for kommunikasjons ledes av kommunikasjonsdirektør Kristin Solheim.

Sist oppdatert : 1. oktober 2024

Stab for kommunikasjons legg til rette for at HK-dir sine program og tilskotsordningar er godt kjende og blir nytta av dei relevante målgruppene. Ei sentral og prioritert oppgåve er formidling av kunnskapsgrunnlaget gjennom innhaldsproduksjon og arrangement som Kunnskapsprat.

Staben gir strategiske råd til leiinga og resten av organisasjonen i kommunikasjonsfaglege spørsmål, og har ansvar for eksterne kanalar som hkdir.no, nyheitsbrev og sosiale medium.

All mediekontakt i direktoratet blir koordinert stab for kommunikasjon, som òg leverer strategiske råd og kommunikasjonsfagleg støtte til direktøren.

Staben legg til rette for at HK-dir kommuniserer tydeleg, heilskapleg og samordna på overordna nivå. Det inneber òg ansvar for merkevarer og grafisk profil og arrangementsstøtte.

Strategisk internkommunikasjon og kulturbygging er ei sentral oppgåve, og stab for kommunikasjon har ansvar for intranettet.

Kontakt oss

Kristin Solheim

kommunikasjonsdirektør

E-post:kristin.solheim@hkdir.no

Telefonnummer:932 28 573