Sveinung Skule
Sveinung Skule har lang erfaring frå leiing av forsking og forvaltningsverksemd innanfor høgare utdanning og kompetansepolitikk.
Sist oppdatert : 23. september 2024Han har vore forskar og forskingsleiar i Fafo, forskingsdirektør ved Høgskolen i Oslo (nå OsloMet), og i perioden 2010–2020 var han direktør for NIFU – Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.
Skule har òg vore avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, med ansvar for kompetansepolitikk, og direktør for Kompetanse Noreg. Han leier det regjeringsoppnemnde Kompetansebehovsutvalet.
Skule har doktorgrad i industriell økonomi frå Norges tekniske høyskole (nå NTNU).
Kontorstad: Oslo og Bergen