Strategi
Verksemdsstrategi for HK-dir 2023–2027.
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Vi fremmer kunnskap som styrker utdanning og opplæring i Noreg
Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for kunnskapsbasert politikk, styring og utvikling av utdanning og opplæring. Kunnskap av høg kvalitet er avgjerande for at vi skal levere relevante tenester og verkemiddel til brukarar, avgjerdstakarar og samfunnet.
Prioriteringar
For at vi skal utøve rolla som fagleg rådgivar på ein god måte må vi ha oversikt over og tilgang til kunnskap av høg kvalitet. Vi ser utdanning og det kompetansepolitiske feltet i samanheng, og bygger våre råd og analyser på nasjonal og internasjonal forsking. Vi har brei kjennskap til praksis gjennom eigne ordningar og tenester.
For å kunne vere ein ressurs for samfunnet må data handsamast på ein sikker og systematisk måte. Vi har god oversikt over data på våre område og sørger for at data vi samlar inn og har hand om er kvalitetssikra og lett tilgjengelege for andre. Vi nyttar også data frå andre verksemder i kunnskapsgrunnlaget vårt, og er ein pådrivar for deling av data.
Kunnskapen vi utviklar og set saman skal ha kraft til å påverke. Vi skal vere ein aktiv og synleg formidlar av ny kunnskap, sette dagsorden og medverke til endring og utvikling.
Tenestene våre gjer den enkelte i stand til å ta informerte val, utvikle og utnytte eigen kompetanse
Dei individretta tenestene våre skal hjelpe enkeltmenneske til å gjere informerte val om utdanning, kompetanse- og karriereutvikling, og til å utvikle og bruke kompetansen sin. Tenestene er også viktige for mobilisering av arbeidskraft i samfunnet.
Prioriteringar
Vi skal jobbe brukarorientert og i tett samarbeid med andre offentlege aktørar. Vi jobbar heile tida for at tenester som utdanning.no, karriererettleiing og samordna opptak skal vere lett tilgjengelege og tilpassa det brukarane treng.
Vi får stadig fleire søknader til godkjenningstenestene, blant anna som følge av fleire flyktningar frå Ukraina. Vi skal handsame søknader på ein rask, enkel og god måte til det beste for søkarar og samfunnet. Vi skal jobbe for å digitalisere og koordinere tenestene.
Gode norskkunnskapar er viktig for tilgang til arbeidslivet, ein av dei viktigaste arenaene for integrering i samfunnet. Stadig fleire arbeidsgivarar krev at innvandrarar som søker jobb dokumenterer norskkunnskapane sine. Vi skal medverke til at arbeidsgivarar får meir kunnskap om språknivå, slik at dokumentasjon av norskferdigheiter kan få endå fleire innvandrarar ut i arbeidslivet.
Verkemidla våre styrker utdanning og opplæring
Vi skal vere rådgivar, samordnar og pådrivar overfor norsk utdannings- og opplæringssektor Vi styrker kvalitet og tilgjengelegheit i utdanning og opplæring mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid, digitalisering og utvikling av karriererettleiingstenestene. I arbeidet vårt ser vi høgare utdannings- og kompetansepolitikk i samanheng. Vi har eit heilskapleg ansvar og sørger for samarbeid og samordning på tvers av sektorar.
Prioriteringar
Vi bidrar til å sikre kvalitet og relevans i all utdanning og opplæring, og til å styrke tilbod om livslang læring. Vi samordnar og utviklar tiltak for å gjere utdanning og opplæring meir tilgjengeleg for alle innbyggarar. Høgare yrkesfagleg utdanning er ein sektor i rask vekst, og vi skal bidra til at veksten skjer med god kvalitet.
Vi skal ta hand om Kunnskapsdepartementet si sektorstyring av trygging og beredskap. Som pådrivar og utøvar av myndigheit skal vi bidra til at tryggingsarbeidet blir tatt hand om på ein måte som vernar verdiane i sektoren. Trygging er også viktig i internasjonalt kunnskapssamarbeid. Vi skal utvikle samarbeid på tvers av dei relevante myndigheitsorgana for å styrke trygging, beredskap og rådgiving til kunnskapssektoren og legge til rette for ansvarleg internasjonalt samarbeid.
Vi skal utnytte føremonene ved å vere eit samla direktorat til det beste for samfunnet og brukarane
Vi skal halde fram arbeidet med å bygge eit direktorat som løyser oppgåvene sine effektivt og med høg kvalitet. Vi skal styrke heilskapen og samanhengen i verkemidla og tenestene våre, og saman skape resultat for samfunnet og brukarane. Vi skal vere ein attraktiv arbeidsplass som trekk til seg, utviklar og tar vare på medarbeidarar med høg kompetanse.
Prioriteringar
Når vi utviklar og forvaltar verkemiddel og interne og eksterne tenester, skal vi ha brukarane sine behov som utgangspunkt. Vi skal gripe høva til å forbetre, forenkle og skape samanheng for brukarane våre. Vi skal digitalisere der det kan gi betre resultat og effekt.
Strategisk kompetanseutvikling og rekruttering skal sikre at våre tilsette har kompetansen dei treng for å løyse samfunnsoppdraget vårt effektivt og med høg kvalitet. Vi skal vere ein arbeidsplass der medarbeidarar får tillit og ansvar, og der leiarane legg til rette for utvikling og innovasjon. Vi skal aktivt legge til rette for at kompetansen til dei tilsette blir brukt på tvers i organisasjonen der han trengst.
Noreg skal nå berekraftsmåla sine innan 2030, og vi har ei viktig rolle i verkeleggjeringa av desse gjennom vårt arbeid med opplæring og utdanning. Å legge til rette for eit berekraftig og omstillingsdyktig samfunn er kjernen i oppdraget vårt. Vi skal aktivt ta vare på sosial, økonomisk og miljømessig berekraft i forvaltinga og utviklinga av verkemidla, tenestene og organisasjonen vår.