Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Fakta om PIAAC-undersøkinga

PIAAC er den største undersøkinga om vaksne sine ferdigheiter, og blir gjennomført i regi av OECD. Undersøkinga gir oss kunnskap om kompetanse i arbeidslivet og kva moglegheiter folk har til å utvikle kompetansen dei treng.

Sist oppdatert : 27. november 2024

OECD er oppteken av at demokratiske prosessar og institusjonar ser ut til å vere under press. Vi treng derfor ferdigheiter og forståing for å navigere i det moderne samfunnet vårt og bidra aktivt og godt i offentlege debattar. Kritisk tenking og analytiske ferdigheiter, til dømes, kan gjere det mogleg for enkeltpersonar å vurdere politisk informasjon og ulike politiske utsegn og løysingar på ein effektiv måte.

PIAAC er ei forkorting for «Programme for the International Assessment of Adult Competencies». Undersøkinga blir òg omtala som «Survey of Adult Skills».

Den andre undersøkinga (PIAAC 2) blei gjennomført i 2022/23. PIAAC 2 måler vaksne sine ferdigheiter i lesing, talforståing og adaptiv problemløysing.