Hopp til hovudinnhald

Arktisk forsking og studiar

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 1

Arktisk forsking og studiar skal stimulere til samarbeid om arktisk vitskap mellom høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsorganisasjonar i Noreg og Island.

Kva er Arktisk forsking og studiar

Arktisk forsking og studiar er basert på ein intensjonsavtale om samarbeid mellom Island og Noreg innan arktisk vitskapleg forsking. Utanriksdepartementa i Noreg og Island finansierer programmet. Programmet gir støtte til å utvikle felles søknader om prosjektmidlar til relevante forskings- og utdanningsprogram. Det kan også bli utlyst midlar til reisestipend for arktiske arrangement og studiebesøk i Noreg og Island.

Sjå lenke til nettsida www.arcticstudies.is for meir informasjon om programmet.

Kven står bak

The Icelandic Centre for Research (Rannís) er hovudansvarleg for administrasjonen av Arktisk forsking og studiar. Kontaktperson ved Rannís er Egill Thor Níelsson.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) deltar i søknadsvurderingsprosessen og er ansvarleg for informasjon og rettleiing til norske søkjarar.

Felles programkomité for Arktisk forsking og studiar består av representantar for islandsk og norsk UD. Programkomiteen styrer gjennomføringa og utviklinga av programmet.

Formål

Formålet med programmet er å stimulere til samarbeid om arktisk vitskap mellom norske og islandske høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsorganisasjonar. Programmet er ope for alle fagområde, gitt at samarbeidspartnarane kan demonstrere klar arktisk relevans.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Alle offentlege og private høgare utdanningsinstitusjoner og forskingsorganisasjonar på Island og i Noreg kan søke om tilskot frå programmet.

Herdis Kolle

E-post:herdis.kolle@hkdir.no