Hopp til hovudinnhald

EØS-midlane

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 0

EØS-midlane skal bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, samt styrke samarbeidet mellom Norge og 15 land i Europa innan ei rekke samfunnsområde, mellom anna utdanning. Arbeid med ny programperiode er i gang, og norske aktørar kan no vere med å forme framtidige utdanningsprogram.

Kva er EØS-midlane

EØS-midlane 2021-2028

Steg 1: Forhandlingar mellom EØS/EFTA og EU

Avtalen mellom EU og dei tre EØS/EFTA-landa, Noreg, Island, Liechtenstein om ein ny programperiode av EØS-midlane vart signert i september 2024.

Den totale ramma er på 3.2 milliardar og skal sikre utvikling i, og styrke samarbeid med, dei minst velståande medlemslanda i EU på ei rekke områder. Prioriteringar for ny periode er følgjande:

  • Grøn omstilling i Europa
  • Demokrati, rettsikkerheit og menneskerettigheitar
  • Sosial inkludering og motstandskraft

Avtalen omfattar utvikling av 15 programområder og tre tverrgåande fond som i perioden skal finansiere ulike typar program, som svarar på utfordringar innanfor desse områdene. Dette inkluderer øyremerka midlar til satsingar relatert til Russland sin invasjon av Ukraina.

Bli med å forme framtidige utdanningsprogram!

Rammer, mål og innsatsområder for desse programområdene og fonda er lagt ut til open konsultasjon og vi oppmodar norsk utdanningssektor, uavhengig av tidlegare erfaring frå EØS-prosjekt, til å ta eg tid til å lære meir om kva EØS-midlane kan ha å tilby i komande periode, og gi innspel om kva som er viktig for norsk utdanningssektor.

Som norsk kontaktpunkt for utdanningsprogramma har HK-dir gitt fortløpande innspel om både administrative og faglege/tematiske forhold som skal sikre at neste generasjon utdanningsprogram er så relevante og enkle som mogleg for norske deltakarar. Våre innspel er basert på tilbakemeldingar frå og undersøkingar blant norske partnarar i tidlegare EØS-prosjekt.

Det er eit mål for oss at EØS-midlane skal kunne vere eit verkemiddel som norsk utdanningssektor kan bruke målretta for og å styrke eige arbeid med kvalitet og internasjonalisering. Vi tek difor og gjerne i mot innspel og synspunkt om tidlegare erfaringar (både negative og positive!) frå deltaking i EØS-prosjekt og tankar om korleis framtidige utdanningsprogram bør utformast for å vere så attraktivt og effektivt som mogleg, korleis samhandle best mogleg med andre nasjonale og europeiske program og ordningar m.m.

Steg 2: Bilaterale forhandlingar med kvart mottakarland

Neste steg er bilaterale forhandlingar med kvart enkelt av landa ordninga omfattar om satsingar og prioriteringar for bruk av midlane. Når desse forhandlingane er ferdige og det er signert ein MoU med kvart mottakarland veit vi om utdanning inngår i det aktuelle mottakarlandet si programportefølje.

Det er difor ikkje mogleg å sei kva land, og kor mange, som vil ha utdanningsprogram i ny periode før desse forhandlingane er ferdigstilt.

EØS-midlane 2014-2021

I denne perioden er det ni, av totalt 15 europeiske samarbeidsland i Europa utdanning som ei av sine prioriteringar for EØS-midlane - dette omfattar Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovenia, Slovakia og Tsjekkia. Les meir om innhald og storleik på utdanningsprogramma i denne perioden her.

Bildet viser alle prosjektsamarbeid mellom Norge og de europeiske samarbeidslandene finansiert av EØS-midlene 2014-2021(24)

Illustrasjonen over viser alle utdanningsprosjekt mellom Norge og dei europeiske samarbeidslanda finansiert av EØS-midlene 2014-2021(24).

Denne programperioden er avslutta 30.04.2024. Sjå nederst for informasjon om norsk deltaking og programresultat under kvart enkelt land.

Meir om EØS-midlane

På utdanningsområdet inngår norske utdanningsinstitusjonar i over 600 prosjektsamarbeid med partnarar frå Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia og Tsjekkia.

EØS-midlane er ein del av EØS-avtalen og er eit økonomisk bidrag som Noreg, Island, og Liechtenstein betalar til EU. Dette bidraget skal finansiere tiltak som kan utlikne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU.

I forkant av kvar programperiode vert det forhandla med EU om storleiken på bidraget og kva samfunnsområde som skal motta støtte. For inneverande periode som går frå 2014-2021 (prosjektimplementering fram til 30. april 2024) er dette totalt 2.8 milliardar euro. Bidraget består av to ordningar, den eine finansiert av Noreg åleine (Norway Grants) og den andre finansiert av Noreg, Island og Liechtenstein i fellesskap (EEA Grants). Fordelinga er berekna ut frå dei tre landa sin BNP, og Noreg står for ca. 97 % av midlane.

Midlane vert brukt til å finansiere prosjekt innanfor sektorar som innovasjon, forsking og utdanning, sosial inkludering, kamp mot fattigdom og sysselsetjing av ungdom, miljø, energi, klima og lav-karbonsamfunnet, kultur, sivilt samfunn, godt styresett og grunnleggande rettigheiter, samt justis- og innanrikssaker i 15 land i Europa. Dette omfattar Bulgaria, Estland, Hellas, Kypros, Kroatia, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn.

Kven står bak

I Noreg er det Utanriksdepartementet (UD) som løyver midlane og er «programeigar» for EØS-midlane. Eit felles sekretariat, Financial Mechanism Office (FMO), lokalisert i Brussel, er underlagt UD og har ansvaret for teknisk gjennomføring og drift av ordninga. 

Ein programoperatør innanfor kvar sektor i kvart av dei europeiske samarbeidslanda har ansvaret for å forvalte midlane, program og utlysingar, og tildele midlane. For utdanningsprogramma er dette ofte nasjonalkontoret for Erasmus+.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har rolla som programpartnar i alle program som omfattar utdanningssamarbeid. Vi gir råd og samarbeidar med programoperatørane om utvikling av program og utlysingar. Vi er i tillegg nasjonalt kontaktpunkt for norsk utdanningssektor, og har eit ansvar for å synleggjere moglegheitene som fins i EØS-midlane overfor norsk utdanningssektor.

Formål

EØS-midlane har som mål å utjamne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og skal i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU på ulike samfunnsområde.

Innan utdanning så har landa som er omfatta av ordninga ulik fokus og innretning for sine program, men dei skal alle bidra til å styrke det enkelte land sin befolkning sine kunnskapar og ferdigheiter. Dette skal først og fremst skje gjennom samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partnarar i dei europeiske landa.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Det er ingen fleire opne utlysingar i inneverande periode.

Forhandlingar om ny programperiode pågår, men det er enno uklart når nye utlysingar kan komme og eventuell innretning på desse.

Programresultat i EØS-midlane 2014-2021(24)

EØS-midlane

E-post:eeanorwaygrants@hkdir.no