Hopp til hovudinnhald

Nordplus

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 1

Gjennom Nordplus kan du søke økonomisk støtte til ulike former for samarbeid om utdanning i Norden og Baltikum.

Kva er Nordplus

Nordplus støttar tiltak som styrker og utviklar det nordiske utdanningssamarbeidet og bidrar til å skape eit felles nordisk og baltisk utdanningsområde. Du kan få støtte til samarbeidsprosjekt, nettverksbygging og mobilitet.

Nordplus har fem program for økonomisk støtte, og her følger ei kort skildring av kvart av dei. Du finn utfyllande informasjon om kvart program i Nordplus-handboka på nettsida til Nordplus.

Kven står bak

Nordplus er finansiert av Nordisk Ministerråd og blir administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i samarbeid med dei andre nordiske og baltiske landa.

Formål

Føremålet med Nordplus er å støtte tiltak som styrker og utviklar det nordiske og baltiske utdanningssamarbeidet og å bidra til å skape eit felles nordisk og baltisk utdanningsområde.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Målgruppa for programmet er skular, institusjonar og organisasjonar som driv med opplæring og læring i dei åtte nordiske og baltiske landa og dei tre sjølvstyrte områda Åland, Færøyane og Grønland.

Førebuande besøk

Skular, institusjonar og organisasjonar kan òg søke tilskot til førebuande besøk innan Nordplus Junior, Nordplus Vaksen og Nordplus Nordens språk.

Førebuande besøk gir høve til å planlegge prosjektsamarbeid med føremål om å sende inn søknad i Nordplus-programmet sin ordinære søknadsrunde.

Det er eit krav at minst to skular/institusjonar/organisasjonar frå minst to ulike Nordplus-land deltek i søknaden om førebuande besøk.

Underprogram i Nordplus

Nordplus

E-post:nordplus@hkdir.no