Ordninga for Noregskunnskap i utlandet
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 5Ordninga for Noregskunnskap i utlandet (òg kjent som Noregskunnskapsordninga) støttar norsk språkundervisning i utlandet gjennom fleire tilskotsordningar.
Kva er Ordninga for Noregskunnskap i utlandet
Utanfor Noreg er det til ei kvar tid om lag 5000 – 6000 studentar som lærer norsk på ulike nivå, og norskundervisning blir tilbydd på om lag 130 universitet rundt om i verda. På lærestadene blir det undervist i norsk språk bl.a. innan leksikografi, lingvistikk og skriftkunnskap, i tillegg til litterær og samfunnsfagleg forsking. Mange av desse norskfaglegemiljøa i utlandet har eit omfattande samarbeid med fagfellar i Noreg, både innan forsking, undervisning og utveksling av studentar og tilsette. Gjennom Noregskunnskapsordninga støttar Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) desse og bidreg til å styrkje norskundervisninga.
Gjennom ordninga er direktoratet norsk representant i Samarbeidsnemnda for Nordenundervisning i utlandet (SNU), eit nordisk nettverk som arbeider for å fremja nordistikk i og utanfor Norden. Dei nordiske landa har tilsvarande ordningar og støttar opp under språkundervisning i høve dansk, islandsk, finsk og svensk. SNU-nettverket ønskjer å støtta nordistikkmiljøa i utlandet og leggje til rette for auka samarbeid mellom dei tilsette i nordiske språk ved dei utanlandske lærestadane. Meir informasjon om SNU ligg på nettsida deira.
Kven står bak
Noregskunnskapsordningablir finansiert av Kunnskapsdepartementet, og det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som administrerer ordninga. I tillegg er det oppnemnd eit programutval som eit rådgivande organ som hjelper oss i delar av programforvaltinga.
Formål
Føremålet med Noregskunnskapsordningaer å bidra til formidling av og utdanning i norsk språk, litteratur og kultur ved høgare lærestader i utlandet. Vidare er det ei målsetjing å bidra til internasjonalisering av norsk høgare utdanning gjennom å trekkja til seg utanlandskestudentar i norsk språk, litteratur og kultur til studie- og forskingsopphold i Noreg.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Noregskunnskapsordningaer sett saman av tre hovudtiltak. Målgruppene for desse tiltaka vil variera. Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike tiltaka.
Ordningens tiltak
Utanlandslektoratordninga er hovudfokuset til Noregskunnskapsordninga. Gjennom tiltaket inngår HK-dir samarbeidsavtalar med utanlandske universitetet om tilsetjinga av ein lektor ved ein utanlandsk lærestad (referert til som «utanlandslektor») i norsk språk. Samarbeidet med dei utanlandske lærestadane blir inngått etter ein offentleg utlysing der norskmiljøa aktivt søkjer. Samarbeidsavtalene blir lyste ut kvart femte år.
For perioden 2020-2025 har HK-dir inngått samarbeidsavtalar med universitetet i Europa, Kina og fram til 2022 òg i Russland. Gjennom samarbeidet hjelper HK-dir til i rekrutteringa av norsklektorar og bidrar med eit kompensasjonstillegg til den tilsette lektoren.
I den ordinære tildelinga i 2020 inngjekk HK-dir fire samarbeidsavtalar med universitet i Russland, men på grunn av krigen i Ukraina blei samarbeid med dei russiske institusjonane lagt på is. I 2022 vart det vedteke å omdisponera midlane og det vart inngått nye samarbeidsavtalar med institusjonar som kvalifiserte, men ikkje fekk gjennomslag i første runde.
Per i dag har HK-dir avtalar med 17 universitetet i 12 ulikeland. Under følgjer oversikt over alle lærestadane (samarbeidsavtalane som gjeld frå det akademiske året 2023-2024 er markert med stjerne):
- Universitetet i Sofia, Bulgaria
- Universitetet i Tartu*
- Universitetet i Paris-Sorbonne
- Universitetet i Caen*
- Universitetet i Strasbourg*
- Universitetet i Milano
- Beijing Foreign Studies University
- Universitetet i Vilnius
- Universitetet i Poznan
- Universitetet i Gdansk
- Universitetet i Szczecin*
- SWPS Universitetet*
- Universitetet i Cluj-Napoca
- Universitetet i Beograd
- Karlsuniversitetet i Praha
- ELTE-universitetet i Budapest
- Universitetet i Wien
Den økonomiske kompensasjonen som HK-dir gir til dei tilsette lektorane følgjer faste satsar per land. Satsane blir justerte med jamne mellomrom. Informasjon om dei økonomiske vilkåra finst i dei enkelte stillingsutlysingane. Lektoren blir tilsett ved det enkelte universitetet i mellombels stilling i eitt år om gongen, oppover avgrense til fem år. Det økonomiske bidraget frå HK-dir er med på å rekruttera fagleg sterke norskundervisarar til kortare undervisningsopphold i utlandet.
Gjennom Noregskunnskapsordninga gir HK-dir støtte til aktivitetar som bidrar til å styrkja norskundervisninga og profilerer Noreg i utlandet. Utlysingane rettar seg mot norskmiljøa i utlandet, men det er ikkje krav om at institusjonen har ein utanlandslektor. Vi ser at fleire av utanlandslektorane er flinke til å nytta seg av støtteordningane våre for å styrkja norsktilbodet ved institusjonen sin.
Gjennom ordninga for bok- og arrangementsstøttevert det årleg lyst ut rundt 1 million norske kroner som alle høgare lærestader i utlandet med norskundervisning, kan søkja på. Det blir mellom anna gitt støtte til:
- Tiltak som bidrar til at lektorar i norsk språk i utlandet får fagleg påfyll.
- Innkjøp av læremateriale som bøker og filmar på norsk.
- Ekskursjonar, studentsamlingar og liknande med eit relevant norskfaglag innhald.
- Honorar for innleigde gjesteforelesarar.
I tillegg til utlysinga som rettar seg mot norsk miljø i utlandet, har HK-dir i fleire år bidratt med midlar til norske institusjonar for gjennomføringa av sommarskular og kurs i norsk språk og litteratur for studentar frå utlandet. Det blir òg gitt støtte til norske institusjonar for å arrangera faglege seminar for undervisarar i norsk frå dei utanlandske lærestadane.
Gjennom mobilitetsstipendet for norsk språk, litteratur og kultur kan utanlandske studentar som studerer norsk språk, litteratur eller kultur på master- og ph.d.-nivå søkja om stipend for ein, to eller tre månader med feltarbeid i Noreg. Historisk har mobilitetsstipendet vore eit attraktivt stipend, og stipendet har årleg finansiert feltarbeid for mellom 8 og 16 studentar for kortare forskingsopphald i Noreg. Mobilitetsmidlane blir lyste ut ein gang i året på studyinnorway.no.