Senter for framifrå utdanning (SFU)
Denne sida vart endra 6. oktober, i forbindelse med statsbudsjett for 2024. Sjå avsnittet "Kva er Senter for framifrå utdanning (SFU)".
Utdanningsmiljø med status som Senter for framifrå utdanning kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Ordninga er nasjonal og har høg prestisje, og skal stimulere til framifrå forskingsbasert utdanning.
Regjeringas forslag til statsbudsjett som vart lagt fram 6. oktober legg til grunn at SFU-ordninga skal fasast ut frå og med 2024. Dette betyr at det ikkje blir ny utlysing i ordninga i 2025.
SFU-status blir tildelt for fem år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare fem år etter ei midtvegsevaluering. Kontraktar som er inngått med dei eksisterande sentra, og finansieringa av desse, vil bestå for heile femårsperioden. HK-dir vil halde fram med å følge opp sentra og støtte dei i arbeidet deira ut finansieringsperioden.
Programmet Sentre for framifrå utdanning (SFU) er ein fokusert og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av utdanning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning på bachelor- og mastergradsnivå. Sentra for framifrå utdanning skal vere flaggskip som skal bidra til å gje utdanningsverksemd ved universitet og høgskular eit løft nasjonalt.
Ordninga med Sentre for framifrå utdanning blei difor etablert for å:
Ordninga blei oppretta i 2010 og er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har forvalta ordninga sidan 2019.
Det overordna målet for Sentre for framifrå utdanning er å utvikle framifrå kvalitet i høgare utdanning . Ordninga gjev dei fremste utdanningsmiljøa i Noreg ressursar til å vidareutvikle studia sine. Ordninga inneber målretta og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning, både på bachelor- og mastergradnivå.
Ein sentral del av ordninga er å framheve framifrå forskingsbasert utdanning, undervisning og vurdering. Framifrå utvikling inneber styrka kunnskap om ulike sider av utdanning lokalt, og i høgare utdanning generelt. Ordninga er laga for å utvikle og premiere arbeidet som skjer i samhandling mellom studentar, undervisarar, støttefunksjonar, arbeidsliv og samfunnet elles. Ordninga skal òg stimulere til nye formar for studentinvolvering og -partnarskap.
Ordninga Senter for framifrå utdanning skal:
Eit senter for framifrå utdanning må difor: