Tilskotsordningar for fleksibel og desentralisert utdanning
Denne sida vart endra 6. oktober, i forbindelse med statsbudsjett for 2024. Sjå avsnittet "Kva er Tilskotsordningar for fleksibel og desentralisert utdanning".
Tilskotsordningane skal styrke tilgangen på fleksibel og desentralisert utdanning over heile landet.
I regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2024 blir tilskotsordninga for fleksibel og desentralisert utdanning foreslått fasa ut frå og med 2024. Det blir dermed ingen fleire utlysingar i denne ordninga. Alle prosjekt som er innvilga tilskot til og med vedtak i 2023 er sikra sluttføring innanfor godkjent prosjektperiode.
Tilskot til drift av studiesentra: I regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2024 blir det foreslått å vidareføre tilskot til drift av studiesentera. HK-dir kjem tilbake med meir informasjon om dette når statsbudsjettet er vedteken i Stortinget.
Ordningane skal gje midlar til utvikling og drift av fleksible og desentraliserte studietilbod og studiesenter som bidreg til å oppfylle lokale, regionale og/eller nasjonale kompetansebehov. Fleksible utdanningstilbod er tilbod med fleire alternativ for korleis læringsaktivitetane blir gjennomførte, blant anna når det gjeld tid, stad, omfang og progresjon. Tilboda kan vera både nett- og stedbaserte.
Ordningane er finansiert av Kunnskapsdepartementet.
Målsetjinga med ordningane er at studietilbod skal bli enda meir tilgjengeleg for folk i heile landet, uavhengig av livssituasjon og individuelle behov.