Hopp til hovudinnhald

UTFORSK

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 1

UTFORSK er et program som gir tilskot til utdanningssamarbeid mellom norske høgare utdanningsinstitusjonar og partnarar i Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA.

Kva er UTFORSK

UTFORSK er eit sentralt verkemiddel i Panorama-strategien (2021-2027), regjeringa sin strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte samarbeidsland utanfor Europa; Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA.

Panoramastrategien legg vekt på:

  • godt samspel mellom utdannings-, forskings- og innovasjonssamarbeid
  • gode koplingar mellom utdanning og arbeids- og næringsliv
  • god studentmobilitet
  • godt samspel mellom bilateralt og multilateralt samarbeid med særleg vekt på EU sine rammeprogram for utdanning og forsking
  • forskingsbasert kunnskap for å nå FN sine berekraftsmål (Agenda 2030)

For samarbeidet med Panorama-landa legg strategien til grunn prinsipp om kvalitet, relevans, gjensidigheit, langsiktigheit og ansvarlegheit. Ansvarlegheit vart lagt til i den reviderte strategien i 2021 og omfattar at ein, når ein inngår konkret samarbeid, må ta omsyn til grunnleggande akademiske verdiar og nasjonale interesser, medrekna sikkerheitsinteresser. For å støtte relevante vurderingar for ansvarlegheit er det utvikla nasjonale retningslinjer for ansvarleg fagleg samarbeid.

UTFORSK har også relevans til FNs berekraftsmål (Agenda 2023), der utdanning vert nemnd som særleg viktig både som eit mål i seg sjølv og som eit middel for å nå ei rekkje av dei andre måla.

Døme på prosjekt

På den engelske programsida vår kan du sjå døme på prosjekt som er gjennomførte i UTFORSK-programmet.

Kven står bak

UTFORSK er finansiert av Kunnskapsdepartementet og administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Formål

Det overordna målet for UTFORSK er å bidra til økt kvalitet og relevans i høgare utdanning i Norge og i dei prioriterte samarbeidslanda, og å forberede kandidatar til å møte lokale og globale samfunnsutfordringar.

UTFORSK skal finansiere prosjekter som tar sikte på å nå følgjande mål:

  • Styrka institusjonelle partnarskap for utdanning mellom Norge og prioriterte samarbeidsland.
  • Varig studentmobilitet mellom Norge og samarbeidslanda.
  • Økt kopling mellom høgare utdanning, forsking og arbeidsliv innafor de institusjonelle partnarskapa.
  • Betre internasjonalt læringsmiljø for studentar gjennom samarbeidsinitiativ med prosjektpartnarar.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Norske høgare utdanningsinstitusjonar med akkrediterte studieprogram kan søke støtte frå UTFORSK.

Kvar søknad må også ha ein hovudpartnar som er ein tilsvarande institusjon i eit av partnarlanda.

Fleire kan vere med som nettverkspartnarar. Dette kan vere universitet, fagskular, forskingsinstitutt, private eller offentlege bedrifter, sjukehus, skular, frivillige organisasjonar, eller andre organisasjonar i Norge og i partnarlanda.

For tida støttar ikkje UTFORSK nye samarbeid med partnarar i Russland.

UTFORSK

E-post:utforsk@hkdir.no