Hopp til hovudinnhald

Responsible life styles: - Ei fantastisk moglegheit til å lære av kvarandre

Sist oppdatert: 31. mai 2024

Medan barnehagar i Noreg lar barna sove utandørs, har barn i Latvia eigne sengeplassar. Mange interessante samtalar har sprunge ut frå læringsutveksling mellom Noreg, Latvia og Island.

Bilde av ulike naturmaterialer som barna i en latvisk barnehage har samlet sammen. Ligger på et bord.

Kort om prosjektet

Ansvarlig for prosjektet: CreaKids førskole i Latvia

Tidsperiode: 2017 - 2019

Fagområde: Nordplus Junior: For barnehager og skoler (1 – 18 år), kulturskoler og fag- og yrkesopplæring.

Samarbeidspartnere: Læringsverkstedet førskole i Norge og Reykjakot barnehage på Island.

Tildelte midler: 73 271 euro

– I kraft av dette samarbeidet har vi fått forståing for at det finst fleire måtar å gjere ting på. Det er alltid idear og tankar å hente frå andre. I møte med andre blei vi også betre kjent med korleis vi sjølv driv barnehagen, seier Lill Søreide Østberg, som er styrar i Læringsverkstedet Dal i Noreg.

Gjennom Nordplus-prosjektet «Responsible life styles» har Dal, Reykjakot barnehage på Island og CreaKids førskule i Latvia henta inspirasjon frå kvarandre. Nordplus er eit program som støttar ulike formar for utdanningssamarbeid i Norden og Baltikum.

Målet med prosjektet har vore å hente inspirasjon frå kvarandre rundt korleis barnehagane kan bidra til eit meir ansvarleg samfunn.

– Vår del handla om at barn er ein ressurs i seg sjølv. Å ta vare på barn og familiar, og å framheve mangfald som ein ressurs, er også ei form for berekraft, påpeikar Østberg.

Ulikskap mellom landa

Frå 2017 til 2019 har arbeidarar i barnehagane jamleg besøkt kvarandre.

Ein skilnad dei la merke til, var til dømes at dei i Latvia har lengre barnehagedagar, og at alle barn søv midt på dagen. Ein av grunnane til dette er at latviske barn gjerne er vakne seinare, medan barn i Noreg som regel legg seg klokka sju.

Både i Latvia og på Island blei dei overraska over at barn i Noreg søv ute på dagtid.

– Dei syntest det var litt skummelt. Medan vi tenker at barn held seg friske lenger om dei søv ute i frisk luft i kvar si vogn, tenker dei at barna kan bli sjuke om dei søv utandørs, seier Elisabeth Bjørke, som er pedagogisk leiar i Læringsverkstedet Dal, og skyt inn:

– Det finst ingen fasit, så det er interessant å diskutere og sjå kva andre barnehagar gjer. Prosjektet har vore ei fantastisk moglegheit til å lære av kvarandre.

Ein annan skilnad dei oppdaga, var at dei i Latvia tek naturmateriale inn i barnehagen for å leike, og at dei dyrkar grønsaker og urter med barna. På desse områda har dei kopiert Riga.

– For å kunne inspirere kvarandre på tvers av landegrensene, oppretta vi ei Facebook-gruppe. Vi starta å så frø på likt. Slik kunne vi følge med på korleis det gikk med kvarandre. Det var spennande å gjere noko felles, og dette har vi også greidd å oppretthalde, seier Bjørke.

Likestilling i barnehagen

Bjørke fortel at dei besøkte ein barnehage på Island kor gutar og jenter var skilde frå kvarandre.

– Ulikskap skapar refleksjonar. Vi har hatt mange diskusjonar om ulike tema, og i dette tilfellet har vi stilt spørsmål ved i kva grad å separere kjønna er ein god måte å fremme likestilling på, seier ho.

Barnehagen går ut i frå forsking som seier at folk utan særskild tanke, oppdrar gutar og jenter ulikt. Dei ønskjer å gje like moglegheiter. Difor meiner dei at gutar og jenter må lære ulike ting for å kunne likestillast. Gutane trener på omsorg og empati, mens jentene trener på mot og sjølvtillit. Metoden har fått namnet Hjalli – kalla opp etter barnehagen.

– Dei ansatte har veldig trua på denne type pedagogikk. Det høyres kanskje strengare ut enn det er, for gutane og jentene samlast også ein time kvar dag til ulike aktivitetar. I starten tenkte eg at det kunne virke stigmatiserande, men desto meir vi fekk høyre forstår eg og poenget deira, seier Bjørke.

To kvinner smiler mot kamera mens de poserer foran en fotovegg på en konferanse.

Elisabeth Bjørke, pedagogisk leiar i Læringsverkstedet Dal og Lill Søreide Østberg, styrar i Læringsverkstedet Dal i Noreg.

Resultatene

Prosjektet har ført til opprettinga av nettsida happykids.lv, som skal inspirere familiar, og på slutten av prosjektet blei det heldt ein konferanse i Riga.

– På konferansen vektla vi som kjem frå Noreg, mangfald som ressurs. Fråfall i vidaregåande skule kan ein spore heilt tilbake til barnehagen. Om ein klarer å skape samhald og ei kjensle av å høyre til i barnehagen, vil det kunne førebygge utanforskap, seier Østberg.

Eit tema dei opplevde stor interesse for, var korleis dei legg til rette for barn med ulike behov. Dei prata blant anna om kva betyding det har for dei funksjonsfriske barna å lære at folk er ulike, og lære å ta omsyn.

– Vi lærer òg bort at vi kan ha ulike språk, kultur og bakgrunn, og at det i seg sjølv er ein fin ting, seier Østberg.

Læringsverkstedet Dal markerer ulike høgtider.

– Det handlar om å få vere stolt av den du er. Det er viktig for utvikling av trygg identitet, seier Østberg.

Før dei blei med på prosjektet, var verken Bjørke eller Østberg klar over moglegheita om at dei kunne søkje midlar frå Nordplus.

– Om ein har ein god idé ein tenker fleire kunne dradd nytte av for å utvikle seg, så er Nordplus ein ypparleg måte å spreie viktige bodskap på. Vi anbefaler alle å prøve dette.

På dette prosjektet hadde Latvia hovudregi.

– Vår oppleving og opplevingar frå andre baltiske barnehager er relativt lik. Difor er det bra at me også kan vitja skandinaviske barnehager for å lære korleis andre driv barnehage, seie prosjektkoordinator Daina Kājiņa fra CreaKids.

Les meir om på prosjektet på heimesida til CreaKids førskole i Latvia happykids.lv/ og på bloggen til den norske partnaren i prosjektet, Læringsverkstedet førskole i Dal.

Nordplus

E-post:nordplus@hkdir.no