Evaluering av effektane av godkjenning av utanlandsk utdanning
Pågående undersøkelse • Tilhøyrer rapportserie: NeiI kva grad bidrar godkjenning av utanlandsk utdanning til at fleire kjem i relevant jobb? No gjennomfører Statistisk sentralbyrå (SSB) ei evaluering av effektane av dei frivillige godkjenningstenestene som HK-dir forvaltar. Evalueringa skal gje ny kunnskap som kan brukast til å vidareutvikle og forbetre tenestene.
Kva blir evaluert?
HK-dir forvaltar tre frivillige godkjenningstenester for utanlandsk utdanning:
- generell godkjenning av høgare utdanning
- generell godkjenning av høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleutdanning)
- godkjenning av fag- og yrkesopplæring
Tenestene er frivillige. Det betyr at ein ikkje treng godkjenning for å utøve yrket sitt, i motsetnad til yrke som krev formell godkjenning, til dømes lege.
Mange arbeidsgjevarar kan vere usikre på korleis ei utdanning frå utlandet samsvarar med norsk utdanning. Difor vel fleire jobbsøkarar å søke om godkjenning. Eit godkjenningsvedtak kan gjere det enklare for arbeidsgjevarar å vurdere kompetansen til søkaren.
Målet med godkjenningstenestene er å bidra til at personar med utdanning frå utlandet kjem inn på arbeidsmarknaden, og dermed får arbeid og lønn som samsvarar med kvalifikasjonane deira.
Mål for evalueringa
Målet med evalueringa er å få eit betre kunnskapsgrunnlag om effektane av godkjenningstenestene. Evalueringa ser mellom anna på effektar på:
- tilknyting til arbeidsmarknaden
- sosial mobilitet
- overkvalifisering og manglande samsvar mellom utdanning og jobb («mismatch»)
Med effekt meiner vi endringar i utfall for personar som får godkjenning, samanlikna med korleis situasjonen deira truleg ville vore utan godkjenning.
SSB bruker eigne registerdata og koplar desse med data frå HK-dir om personar som har søkt om godkjenning.
Sjå meir informasjon om rammene for evalueringa i evalueringsmandatet
Evalueringsspørsmål
Evalueringa skal svare på desse spørsmåla:
- Kva kjenneteiknar søkarane til dei ulike godkjenningstenestene, og korleis skil dei seg frå personar med utdanning frå utlandet som ikkje søkjer godkjenning?
- Kva er effekten av dei ulike godkjenningstenestene på tilknyting til arbeidsmarknaden, sosial mobilitet og eventuell overkvalifisering/«mismatch»?
- Er det skilnader i effektane på arbeidsmarknadstilknyting, sosial mobilitet og eventuell overkvalifisering/«mismatch», mellom
- brukarane av dei ulike godkjenningstenestene, eventuelt på kva måtar?
- ulike næringar eller yrkesgrupper, eventuelt på kva måtar?
Når kjem resultata?
Resultata frå evalueringa blir etter planen publisert i første kvartal i 2027.
Bruk av evalueringa
HK-dir og Kunnskapsdepartementet kan bruke resultata og lærdommar frå evalueringa til å vidareutvikle og forbetre dei frivillige godkjenningstenestene i Norge.
Evalueringa som SSB gjennomfører, er første del av eit større oppdrag om effektar og verknader av godkjenning av utanlandsk utdanning. Det samla arbeidet skal etter planen vere ferdig mot slutten av 2027.
Rammer og gjennomføring
Kunnskapsdepartementet (KD), Arbeids- og inkluderingsdepartementet og HK-dir har i fellesskap teke initiativ til evalueringa. KD finansierer evalueringa, og HK-dir er oppdragsgjevar.
Evalueringa blir gjennomført som eit forskingsoppdrag av forskingsavdelinga i SSB ved prosjektleiar Marte Rønning.