Hopp til hovudinnhald

Kunstig intelligens i UH-sektoren

Moglegheiter, utfordringar og viktige område framover

RapportTilhøyrer rapportserie: Ja

Temarapporten set søkjelyset på bruken av, og tilnærminga til, kunstig intelligens (KI) i universitets- og høgskulesektoren. Rapporten utforskar moglegheiter og utfordringar i arbeidet til sektoren, og skal gi institusjonane eit grunnlag for å vurdere og drøfte eige arbeid og eigne prioriteringar når det gjeld KI. Den trekkjer også fram tre særskilte område vi meiner sektoren treng å diskutere nærare i tida som kjem.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Kristin Selvaag
ISSN:2703-9102
Forfattarar:Roland Mandal (prosjektleiar), Tommy Tranvik, Ingrid Melve, Mathias Gullbrekken Sandnes, Elin Merete Bjørgen, Annette Grande Furset, Willy Gjerde
Publisert:21.02.2025
Rapportnummer:01/2025

Samandrag

Bakgrunn

Sidan introduksjonen av ChatGPT i november 2022, har KI vore eit stort diskusjonstema i UH-sektoren. Sjølv om kunstig intelligens som teknologi har eksistert i ei årrekkje, og vore godt kjent i ein del fagmiljø, representerte introduksjonen av generativ KI ein milepæl i utviklinga. Kraftige KI-tenester, som kan produsere unikt innhald i form av tekst, bilete, video og lyd, har brått vorte tilgjengeleg for alle. Samtidig fortset den teknologiske utviklinga å gå føre seg i eit hurtig tempo. Medan KI gir gjennomgripande moglegheiter på mange område, utfordrar teknologien også ulike sider av aktiviteten i sektoren.

Data

Rapporten byggjer hovudsakleg på fire datakjelder: 1) Utforsking av seks døme på bruk av kunstig intelligens i sektoren, 2) innhaldsanalyse av institusjonanes årsrapportar for 2023, 3) resultat og innsikt frå kartleggingar utført av HK-dir og 4) data som viser status for bruk av kunstig intelligens i statleg sektor.

Funn

Gjennomgangen av årsrapportane til statlege universitet og høgskolar for 2023, viser at mykje ressursar synest å gå til den organisatoriske støtta som set viktige rammer for bruken av KI. Dei viktigaste KI-satsingane omfattar ulike typar kompetansehevande tiltak retta mot studentar og tilsette. Våre eigne kartleggingar viser likevel eit behov for ytterlegare kompetanseheving. Behovet ser ut til å vere spesielt stort når det gjeld praktisk og fagnær bruk av KI.

Undersøkingar om kunstig intelligens i statleg sektor tyder på at bruken så langt er relativt beskjeden. Det kan likevel sjå ut til at bruk av KI er litt meir vanleg i UH-sektoren enn i mange andre sektorar. Det er til dømes relativt vanleg at studentar bruker KI i studiane, men det er til dels store forskjellar i bruken mellom ulike fagområde.

Gjennomgangen av seks døme på bruk av KI i UH-sektoren synleggjer ei rekkje erfaringar og råd som kan vere nyttig for andre. Desse omhandlar, mellom anna, verdien av digital kompetanse, leiarforankring, pådrivarmiljø, arbeidslivsrelevans, og at fagmiljøa er i førarsetet for KI-arbeidet i institusjonane. Ein annan viktig bodskap er at ein må leggje til rette for trygg utforsking av KI i institusjonane – og starte i det små.

Viktige område framover

Rapporten lanserer tre fokusområde som vi meiner UH-sektoren bør jobbe meir aktivt med i tida framover, for å ruste seg til å ta i bruk KI på ein måte som fremjar kvalitet og relevans i undervisning, utdanning og forsking:

  • Digital kompetanse – med konkrete tilrådingar om å styrkje den grunnleggjande KI-kompetansen, den fagnære KI-kompetansen for undervisning og forsking, og kompetansen om rammevilkår for bruk av KI.
  • Retningslinjer og rettleiing – med konkrete tilrådingar om å avklare vilkåra for handsaming av personopplysningar i KI-tenester, førebu sektoren på nytt EU-regelverk om KI, og å styrkje arbeidet med forvaltning av data.
  • Samarbeid og erfaringsdeling – med konkrete tilrådingar om å styrkje deling av ressursar og erfaringar på tvers i sektoren, og å etablere og konsolidere møteplassar og samarbeidsarenaer for å fremja god og etisk trygg bruk av KI.