Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025
Samandrag
Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning omtalar sektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2024.
Studentane
I 2024 var det 34 000 studentar høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på 2 500 frå året før. Samla studiepoengproduksjon har òg auka, sjølv om kvar student i snitt tek litt færre studiepoeng. Dette heng saman med fleire studentar på kortare studietilbod. Over 80 prosent er likevel meldt opp til ei gradsutdanning.
Dei største fagområda er tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag, og desse står for ein aukande del av studentmassen. Snittalderen på studentane er 34 år, og mange er etablerte i arbeidslivet. Dette pregar både behovet for fleksible løysingar og sektoren sitt bidrag til kompetansepåfyll i yrkeslivet.
Fleksible utdanningar
Studentane nytter seg i stor grad av fleksible utdanningsformar. I 2024 var 74 prosent av studentane deltidsstudentar, samstundes gjekk 72 prosent av studentane på nett- eller samlingsbaserte tilbod, og 10 prosent tok kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Tala viser at mange vel utdanningsformar som lar seg kombinere med jobb eller andre forpliktingar, og som er uavhengig av geografi og livssituasjon.
Opptaksgrunnlag
Hausten 2024 var det over 18 00 nye studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Like over halvparten av desse ble tatt opp på utdanninga på grunnlag av deira yrkesfaglege kompetanse. Talet på studentar som vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse har auka med 30 prosent sidan 2023, og er no 23 prosent av studentane. Studentar med generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag var 21 prosent av studentane.
Uteksaminerte
I 2024 vart om lag 13 000 studentar uteksaminert frå høgare yrkesfagleg utdanning. Eit særtrekk ved sektoren er at mange studentar kombinerer utdanning med arbeid, noko som stiller krav til fleksible løysingar og påverkar gjennomføringsmønsteret. For å vurdere effektiviteten i sektoren kan ein sjå på kor stor del av planlagde studiepoeng som faktisk vert avlagde kvart år. I 2024 vart 80 prosent av forventa studiepoeng produsert. Studentar på nettbaserte utdanningar og deltidsutdanningar har generelt lågare andel produserte studiepoeng, medan heiltidsstudentar og dei på stadbaserte tilbod produserer ein større andel. Desse forskjellane slår òg ut mellom fagområde, og kan forklare kvifor gjennomføringa er høgare i samferdselsfag og lågare i økonomi- og administrasjonsfag.
Institusjonane
Hausten 2024 talde vi 63 fagskular, 18 offentlege og 45 private, som rapporterte aktivitet på 178 studiestader. Det har vorte fleire store fagskular, og talet på fagskular med fleire enn 1 000 studentar har auka frå 11 til 14.
Fagområdeakkreditering
I 2024 var det 15 fagskular som hadde fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde. Det er gitt 33 fagområdeakkrediteringar totalt. Dette er ein auke på 12 fagområdeakkrediteringar frå i fjor. Av fagområdeakkrediteringane er det flest innanfor helse og velferd.
Utdanningstilbod
Hausten 2024 var det 419 ulike utdanningstilbod. Om ein reknar med variasjonar i tilboda i form av finansiering (offentleg eller skulepengar), organisering (heiltid og deltid), utdanningsform (stadbasert, nettbasert og samlingsbasert), er det registrert 2 107 utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning. Dette syner eit breitt spekter av utdanningstilbod som gjer utdanningane meir tilgjengelege. Det er flest tilbod innan tekniske fag. Generelt går utviklinga i retning av fleire nettbaserte og nett- og samlingsbaserte tilbod.
Finansiering
Det vart brukt om lag 2,8 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning i 2024. Om lag 1,4 milliardar kroner av finansieringa var i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet, medan 845,5 millionar kroner var i form av skulepengar. Resten var midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direkte tildelingar over statsbudsjettet til nokre statlege fagskular.
Vi ser at dei offentlege midlane som vert fasa inn som nye studieplassar fører til auka heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon som venta.
Fylkesvise sektorbilete
Fylkeskommunane har det heilskaplege kompetansepolitiske ansvaret i regionane, og forvaltar dei statlege midlane til drift av fagskular. I kapittel 6 er det presentert sektorbilete for kvart enkelt fylke. Bileta er meint å gi fylkeskommunane nokre nøkkeltal på status i høgare yrkesfagleg utdanning i fylket.