Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2019

RapportTilhøyrer rapportserie: Nei

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning skal gi eit samla bilete av status for sektoren. Rapporten inneheld kapittel om skulestruktur, utdanningstilbod og studentar.

Utgivar:Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku)
Redaktør:Ragnhild Tungesvik
Forfattarar:Carl Endre Espeland, Margrete Søvik, Stig Helge Pedersen, Sofie Axelsen Osland, Willy Gjerde
Publisert:08.11.2019

Samandrag

Det har vore store endringar i fagskulesektoren dei siste åra, både når det gjeld skulestruktur, talet på studentar og studietilbod. Endringstakten vil halde fram. Det er eit politisk ynskje å utvikle sektoren for å svare på kompetansebehov i Noreg og det norske arbeidslivet. Fagskuleutdanningane er korte og yrkesretta utdanningar, som kan vere gode alternativ til lengre akademiske utdanningar. Mange nyttar også fagskulane for å ta etterutdanning eller spesialisering innan det feltet dei arbeider. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har gjennomført ein studie av arbeidsgjevarar sine forventningar til og erfaringar med nyutdanna frå universitet, høgskular og fagskular. Halvparten av dei spurte verksemdene svarar at dei i nokon eller stor grad vil trenge å rekruttere medarbeidarar med fagskuleutdanning dei neste fem åra.