Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2020
Rapport • Tilhøyrer rapportserie: NeiSamandrag
Vedleggsrapporten til årets Tilstandsrapport er tilgjengelig på https://vedlegg.diku.no/TRHYU/2020
Tilstandsrapporten viser ein sektor i stor endring. I kapittel 3 ser vi at det har blitt færre fagskular. Dette skuldast særleg samanslåingar. Samstundes har nedgangen i talet på studiestader flata ut dei siste fire åra og det har blitt fleire av dei største skulane.
Den langsiktige tendensen til nedgang i talet på private fagskular fortsette i 2019, dei utgjer no 55 prosent av det samla talet. På same tid har private fagskular ein større auke i talet på studentar enn dei offentlege og i 2019 var det for første gong sidan 2013 fleire studentar som studerte ved private fagskular enn ved offentlege.
I kapittel 4 ser vi at det har vore ein sterk auke i talet på akkrediterte utdanningstilbod det siste året. Nedgangen for tidlegare år skuldast store endringar innan økadm-faga, men desse har òg ein auke det siste året.
Det er til dels store skilnader mellom dei ulike fagområda når det gjeld omfang målt i studiepoeng. Faga som har dei tydelegaste profilane her er tekniske fag med 120 studiepoeng, helsefaga med 60 poeng, og økadm-faga med 30 studiepoeng. Over tid har det vore ei endring i studentmassen i dei ulike fagområda. Dette ser ein att i utviklinga i tala på registrerte studiepoeng for desse fagområda. Vi ser at auken i registrerte studiepoeng har vore størst ved dei private skulane.
Både geografisk spreiing av utdanningstilboda, graden av nettbasert undervisning og talet på deltidstilbod gir oss eit bilete av at tilgangen til høgare yrkesfagleg utdanning er god.
Auken i talet på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning held fram, som vi ser i kapittel 5. Fordelinga er om lag lik mellom privat og offentleg sektor. Det er nesten dobbelt så mange deltidsstudentar som heiltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og nær halvparten av alle studentane er 30 år eller eldre. Det er ei lita overvekt av menn, som utgjer 55 prosent av det samla studenttalet.
Tekniske fag og helsefag dominerer og utgjer to tredjedelar av studenttalet. I desse faga er dei aller fleste tatt opp på grunnlag av yrkeskompetanse, medan dette gjeld 60 prosent av studentmassen samla.
Kapittel 6 viser at fagskulesektoren samla disponerte om lag 1,57 milliardar kroner i 2019. Statlege driftstilskot til fylkeskommunane utgjorde om lag 725 millionar kroner. I tillegg blei det overført statlege midlar til tre statlege fagskular direkte over statsbudsjettet.
Fylkeskommunane brukte nær 99 millionar av sine frie midlar på sektoren i 2019, om lag seks prosent av den samla finansieringa. Det er store skilnader mellom fylka når det gjeld bruk av frie midlar.
Studentbetaling utgjer om lag 38 prosent av den samla finansieringa av sektoren. Det er et store skilnader på kor mykje studentar må betale. I snitt betalte studentar ved dei private skulane 51 200 kronar per semester i 2019, medan gjennomsnittet i dei offentlege skulane var 4 800 kronar.