Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024
Rapport • Tilhøyrer rapportserie: JaTilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning blir kvart år utarbeida av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I år er tilstandsrapporten et viktig kunnskapsgrunnlag for den komande stortingsmeldinga om høgare yrkesfagleg utdanning.
Samandrag
I 2023 tel vi om lag 31 400 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er 3 400 fleire studentar enn året før. Veksten har tatt seg opp igjen sidan utflatinga i 2022, og samla sett har studenttalet fordobla seg sidan 2017. Dei tre største fagområda er tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag.
Studentane er i snitt 33 år gamle og dei fleste nyttar seg av fleksible utdanningstilbod. Over 70 prosent studerer på deltid og 60 prosent følger nettbaserte tilbod med eller utan samlingar.
Yrkesfagleg kompetanse er det mest vanlege opptaksgrunnlaget i høgare yrkesfagleg utdanning, men bruken av realkompetansevurdering aukar, særleg innan tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag. Kvar tredje student på kvart av desse fagområda vert tatt opp på grunnlag av realkompetansevurdering. Utviklinga er i tråd med målsettinga om å auke bruken av realkompetansevurdering for å få fleire folk i arbeid.
I 2023 blei det brukt om lag 2,5 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning. Om lag 1,23 milliardar av finansieringa var i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet, medan 834 millionar kroner var i form av skulepengar. Resten var midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direktetildelingar over statsbudsjettet til nokre statlege fagskular.
Vi ser at dei offentlege midlane som vert fasa inn som nye studieplassar i stor grad gir den venta utviklinga i studiepoengproduksjon.
Digitalt vedlegg
Vedlegga er digitale og kan lastast ned frå https://vedlegg.hkdir.no/TRHYUvedlegg/2024. Der finn ein talgrunnlag for alle figurane og tabellane i rapporten. Den inkluderer òg tidsseriar utover det vi viser i sjølve rapporten.
Endringar etter publisering
20.06.2024
Tala for opptaksgrunnlag i kapittel Sektorbiletet er oppdatert.