Hopp til hovedinnhold

Varige arr?

Utdannings- og yrkesvala til ungdom under koronapandemien

NotatTilhører rapportserie: Nei

Koronapandemien har ført til at framtida er her no. Samstundes er dagens ungdom framtida. Utdanning.no sender kvart år ut ei spørjeundersøking om utdannings- og yrkesval til ungdom i alderen 15–25 år. Våren 2021 vart ei tilsvarande undersøking send ut til vaksne. I begge undersøkingane var det nokre koronarelaterte spørsmål.

Utgiver:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Magnus Fodstad Larsen
Forfattere:Linda Beate Berg
Publisert:09.03.2022

Sammendrag

Vi har sett nærmare på desse koronarelaterte spørsmåla, og fann at mange fleire ungdom enn vaksne svara at koronasituasjonen har påverka synet deira på det å ta utdanning. Dei unge vart òg spurde om koronasituasjonen har påverka valet deira av yrke, og ein femtedel av dei svare «Ja» på dette spørsmålet.

Ungdomsundersøkinga viser at jentene tek inn over seg dei moglege utfalla av koronapandemien i mykje større grad enn gutar. Dette er i tråd med andre, både norske og internasjonale, undersøkingar.

Dei opne svara i ungdomsundersøkinga ber veldig preg av korleis dei unge opplevde nedstenginga av skolane. Mange skriv at dei har følt seg isolerte, og at koronasituasjonen har gjort at dei har mista lysta på å ta meir utdanning. I forskingslitteraturen blir dette kalla «the scarring effect». Det er viktig at styresmaktene gjer det dei kan for at korona-arra skal bli så pene som mogleg.