Lærebokordninga for høgare utdanning – haust 2025
• Lærebokordningen for høyere utdanningVi lyser ut 4 500 000 kroner i tilskot til utgiving av lærebøker på norsk og samisk for bruk i høgare utdanning. Denne sida er under konstruksjon. All informasjon er rett, men noko informasjon kan mangle. Lenke til søknadsskjema kjem.
Kven kan søke
Alle registrerte norske forlag som ønsker å gi ut ei lærebok som fyller dei krava og kriterium som gjeld for ordninga kan søke støtte.

1. oktober 2025 kl. 12.00 (CET)
Om tilskotet
Formålet med denne utlysinga er å gi tilskot til produksjon og utgiving av norske og samiske lærebøker som det er fagleg behov for, men som det av ulike årsaker ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for å gi ut. Ordninga retter seg mot bachelor- og mastergradsnivå.
Delar av tilskotsmidlane er øyremerkte til produksjon av lærebøker på samisk/nynorsk, og lærebøker innanfor fagområde der engelsk fagspråk dominerer.
Det kan òg søkast om støtte til utgiving av lærebøker som allereie er publiserte, føresett at boka ikkje er registrert «i sal» i Bokbasen før 1. april 2024.
Tilskotsbeløp
Inntil 500 000,- kroner i tilskot per lærebok. Søknadsbeløp for kvar enkelt søknad blir berekna ved bruk av HK-dir sitt skjema for utrekning av tilskot.
Endelege tilskot blir fastsette etter skjønn basert på dei opplysningane som kjem fram i søknaden med vedlegg.
Særskilt prioriterte søknader
Av den totale tilskotsramma for denne utlysinga er:
- NOK 1 500 000,- øyremerkte utgivingar på nynorsk og samisk. Dette er bøker der innhald i hovudsak blir formidla på samisk eller nynorsk
- NOK 1 500 000, - øyremerkte utgivingar av lærebøker innan fagområde med stort domenetap mot engelsk. Fagområda dette gjeld er:
- matematikk og naturvitskap,
- teknologi- og ingeniørfag og
- økonomiske- og administrative fag
Øyremerkte midlar som ikkje blir brukt vil tildelast andre prosjekt.
Formål
Kva kan midlane brukast til?
Midlane de søker om kan berre brukast til å dekke kostnader som oppført i HK-dir sitt skjema for utrekning av tilskot:
- Kostnader knytt til nyutgiving eller revisjonar av lærebøker i trykt format.
- Ekstrakostnader knytt til utgiving av digitale parallellutgåver.
- Kostnader til omsetting frå nordiske språk til samisk.
Ver vennleg og merk at kostnader ved omsetting til/frå andre språk ikkje blir støtta.
Støtte til trykt og digitalt format må søkast om samtidig. Det er ikkje krav om utgiving av digital parallellutgåve. Det er ikkje mogleg å søke om tilskot berre til digital utgiving.
Tilskotsbeløp
Inntil 500 000,- kroner i tilskot per lærebok. Søknadsbeløp for kvar enkelt søknad blir berekna ved bruk av HK-dir sitt skjema for utrekning av tilskot.
Endelege tilskot blir fastsette etter skjønn basert på dei opplysningane som kjem fram i søknaden med vedlegg.
Vilkår
HK-dir sine standardvilkår for tilskot under Lærebokordningen for høgare utdanning gjeld for prosjekt som blir innvilga tilskot.
På kolofonsida til læreboka skal det oppgivast at boka er gitt ut med støtte frå Kunnskapsdepartementet.
Forlag som får utgivingsstøtte, er ansvarlege for å avklare alle relevante forhold med forfattarane til læreboka.
Slik søker du
Nedanfor finn du informasjon om kva minimumskrav som gjeld for denne utlysinga og kva kriterium søknadene vil bli vurdert ut frå.
Søknader må leverast gjennom HK-dir sin søknadsportal Espresso . Sjå rettleiing om korleis opprette brukar eller logge deg på i Espresso.
I søknadsskjemaet er det hjelpetekstar som gir rettleiing om kva slags informasjon som er etterspurd i dei ulike felta.
Krav til søknaden
Søknaden må oppfylle følgande minimumskrav:
- Søknaden må vere levert innan søknadsfristen som gjeld for utlysinga.
- Søknaden må vere levert gjennom HK-dir sin søknadsportal (Espresso).
- Søknaden må vere skriven på norsk.
- Søknaden må vere levert av eit registrert norsk forlag.
- Søknaden må innehalde to uavhengige konsulentfråsegner i pdf-format, utforma ved bruk av HK-dir sin mal (sjå under). Merk at vi frå utlysinga hausten 2025 kun skal ha to konsulentfråsegner. Om du lastar opp fleire vil vi berre vurdere dei som er først lasta opp i søknadsportalen (Espresso).
- Søknaden innehalde eit ferdig utfylt skjema for berekning av tilskot, utforma ved bruk av HK-dir sine malar (sjå under). Berekningsskjema må vise at søknaden kvalifiserer for tilskot.
- Søknaden må gjelde utgivingskostnader ved nyutgiving eller revisjon av ei lærebok på norsk (nynorsk eller bokmål) eller samisk. Lærebøker i framandspråk meint for eit norsk publikum kan delvis vere på det aktuelle framandspråket.
- Søknaden må gjelde ei lærebok eigna til fagleg bruk på bachelor- eller mastergradsnivå ved eitt eller fleire kurs ved éin eller fleire høgare utdanningsinstitusjonar (universitet eller høgskular) som er akkreditert av NOKUT.
- Lærebøker som får utgivingsstøtte, må bli gitt ut seinast innan 31. desember 2027.
Søknader som ikkje oppfyller desse krava kan bli avviste eller bli vurderte som mangelfulle. For søknader med feil vil HK-dir gi ein kort tilleggsfrist for å rette feilen der det er mogleg.
Ver vennleg og merk at berre påkravde vedlegg vil bli tatt med i vurderinga av søknaden.
Rettleiing og malar
Slik behandlar vi søknaden
Slik behandlar vi søknaden
Kvar søknad vil bli individuelt vurdert og gitt ein karakter på ein skala frå 1 (ikkje støtteverdig) til 3 (klart støtteverdig). For å kvalifisere for tilskot, må søknadene få karakter 2 (støtteverdig) eller høgare.
Søknader som kvalifiserer for øyremerkte midlar vil først bli vurdert for støtte i dei øyremerkte pottene dei kvalifiserer for. Rangering av søknader med same karakter blir avgjord ved at det blir gitt eitt tilleggspoeng for:
- Lærebøker som skal brukast på bachelornivå/første 180 studiepoeng av profesjonsutdanning
- Lærebøker som er kjernelitteratur på pensum i eitt eller fleire emne
- Nyutgivingar
Dersom to eller fleire søknader framleis står likt, blir rangeringa avgjord ved loddtrekking. Søknader som ikkje blir tildelte øyremerkte midlar blir overført hovudpotten, saman med eventuelle restmidlar.
I hovudpotten blir tildelt kvalifiserte søknader så langt midlane rekk. Rangering av søknader som står likt blir avgjorde ved at det blir gitt eitt tilleggspoeng for:
- Lærebøker innanfor prioriterte fagområde med domenetap til engelsk**
- Lærebøker på nynorsk/samisk*
- Lærebøker som skal brukast på bachelornivå/første 180 studiepoeng av profesjonsutdanning
- Lærebøker som skal tene som kjernelitteratur i eitt eller fleire emnar
- Nyutgivingar
I tilfelle der to eller fleire søknader framleis står likt, blir rangeringa avgjord ved loddtrekking.
Slik vurderer vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Søknader som oppfyller krava som gjelder for utlysinga, vil bli vurdert ut frå følgande kriteria:
Behovet for læreboka
Under dette kriteriet vil det faglege behovet for/den faglege relevansen til læreboka bli vurdert. Moment som vil leggast vekt på er:
- Den antekne kvaliteten på læreboka, med omsyn til fagleg innhald, relevans og pedagogisk formidling
- Bokas betydning for målgruppa
- Om læreboka vil bli tatt i bruk som pensumlitteratur på studieprogram eller emne
- I kva grad det allereie eksisterer relevant og oppdatert pensumlitteratur for dei emne/fag læreboka kan tene som pensumlitteratur
- Om læreboka er underlagd nødvendig redaksjonelt arbeid
Behovet for utgivingsstøtte
Under dette kriteriet vil behovet for økonomisk støtte til produksjons- og utgivingsprosessen bli vurdert. Moment som vil vektleggast er:
- Marknadssituasjonen for boka
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informert om utfallet av søknadsprosessen. Vi anslår at vedtak om tilskot vil bli sendt ut i november 2025. Ei grunngiving for karaktersettinga av søknadene vil bli gitt saman med vedtaka.
Rapportering og oppfølging
Kva vilkår gjeld for prosjekt som får tilskot?
HK-dir sine standardvilkår for tilskot under Lærebokordningen for høgare utdanning gjeld for prosjekt som blir innvilga tilskot.
På kolofonsida til læreboka skal det oppgivast at boka er gitt ut med støtte frå Kunnskapsdepartementet.
Forlag som får utgivingsstøtte, er ansvarlege for å avklare alle relevante forhold med forfattarane til læreboka.