Nordplus 2025 - Tilskot til førebuande besøk og studiebesøk
• NordplusNo kan du søke om støtte til å reise på førebuande besøk eller studiebesøk til ein partnar i Norden eller Baltikum. Nordplus består av fem delprogram som til saman dekker heile utdanningssektoren.
Kven kan søke
Denne utlysinga gjeld førebuande besøk i Nordplus Vaksen og Nordens språk, samt førebuande besøk og studiebesøk i Nordplus Junior.
Nordiske og baltiske organisasjonar som vil samarbeide med organisasjonar i andre nordiske/baltiske land om utdanning, kan søke midlar frå Nordplus.
Føremålet med Nordplus er å støtte tiltak som styrker og utviklar det nordiske og baltiske utdanningssamarbeidet.
Merk at utlysinga ikkje tek imot ordinære prosjektsøknadar til Nordplus - berre søknadar om førebuande besøk og studiebesøk.

1. oktober 2025 kl. 13.22 (CET)
Om tilskotet
Nordplus er eit mobilitets- og nettverksprogram for utdanning i dei nordiske og baltiske landa, inkludert dei autonome regionane Åland, Færøyane og Grønland. Nordplus er det største utdanningsprogrammet til Nordisk ministerråd og blir finansiert av dei nordiske og baltiske landa.
Slik søker du
Informasjon om korleis du søker finn du på www.nordplusonline.org.
Slik behandlar vi søknaden
Rapportering og oppfølging
Du rapporterer i søknads- og rapporteringssystemet Espresso.
Rapporten skal leverast innan 30 dagar etter prosjektslutt.