Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Nordplus 2026 - Tilskot til førebuande besøk og studiebesøk

No kan du søke om støtte til å reise på førebuande besøk eller studiebesøk til ein partnar i Norden eller Baltikum. Nordplus består av fem delprogram som til saman dekker heile utdanningssektoren.

Kven kan søke

Denne utlysinga gjeld førebuande besøk i Nordplus Vaksen og Nordens språk, samt førebuande besøk og studiebesøk i Nordplus Junior.

Nordiske og baltiske organisasjonar som vil samarbeide med organisasjonar i andre nordiske/baltiske land om utdanning, kan søke midlar frå Nordplus.

Føremålet med Nordplus er å støtte tiltak som styrker og utviklar det nordiske og baltiske utdanningssamarbeidet.

Merk at utlysinga ikkje tek imot ordinære prosjektsøknadar til Nordplus - berre søknadar om førebuande besøk og studiebesøk.

Søknadsfrist

1. oktober 2026 kl. 23.59 (CET)

Om tilskotet

Nordplus er eit mobilitets- og nettverksprogram for utdanning i dei nordiske og baltiske landa, inkludert dei autonome regionane Åland, Færøyane og Grønland. Nordplus er det største utdanningsprogrammet til Nordisk ministerråd og blir finansiert av dei nordiske og baltiske landa.

Slik søker du

Informasjon om korleis du søker finn du på www.nordplusonline.org.

Slik behandlar vi søknaden

Rapportering og oppfølging

Du rapporterer i søknads- og rapporteringssystemet Espresso.

Rapporten skal leverast innan 30 dagar etter prosjektslutt.

Kontakt oss

Nordplus

E-post:nordplus@hkdir.no