Hopp til hovudinnhald

Stipend- og vikarordning for lærarar som tar videreutdanning i norsk som andrespråk – Vår 2025

Lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova skal no ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Vi tilbyr to ulike støtteordningar for lærarar som treng vidareutdanning for å oppnå dette kompetansekravet. Denne utlysinga er for lærarar som skal starte på vidareutdanning våren 2025.

Kven kan søke

Lærarar som arbeider i kommunal og fylkeskommunal vaksenopplæring med undervisning av vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova, kan søke. For å kvalifisere, må lærar også undervise vaksne i norsk etter læreplan i norsk for vaksne innvandrarar. 

Lærarar som arbeider for ein privat opplæringstilbydar med undervisning av vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova, kan også søke i samarbeid med arbeidsgivaren sin. Opplæringstilbydaren må vere godkjend gjennom godkjenningsordninga til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Lærarar tilsett hos private tilbydarar må vere fast tilsett.

Lærarar som arbeider ved private tilbydarar som ikkje er godkjende, men som på oppdrag frå ein kommune gir opplæring etter integreringslova, kan også søke. I så fall skal det leggast ved ei skriftleg erklæring frå kommunen om at opplæringstilbydaren har dette oppdraget.

Ein lærar som skal ta vidareutdanning kan søke anten stipend eller vikarordning i samarbeid med skuleleiaren sin/arbeidsgivar ut frå kva som best dekker behovet deira. Same lærar kan ikkje søke både på stipendmidlar og vikarmidlar.

Merk at det er to søknadsfristar:

  1. Frist for å sende over søknad til skuleeigar er 27. september 2024, for lærarar som jobbar i kommunen eller fylkeskommunen. Dette skal gjerast på e-post til skuleeigar. Sjå nedanfor for informasjon om korleis private tilbydarar skal søke.
  2. Frist for å laste opp søknader i tilskotsportalen er 7. oktober 2024 klokka 15:00. Dette skal gjerast av skuleeigar.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Formål

I forskrift til integreringslova som trådde i kraft i 2021, er det eit krav at lærarar som underviser i norsk etter integreringslova skal ha minimum 30 studiepoeng i norsk som andrespråk.

Tilskotsbeløp

Vi tilbyr to ulike støtteordningar for lærarar som treng vidareutdanning for å tilfredsstille dette kompetansekravet:

  1. I stipendordninga kan du få 126 000 kroner for å ta 30 studiepoeng. Stipendet kjem i tillegg til vanleg inntekt.
  2. I vikarordninga blir du frigjord frå delar av dei ordinære arbeidsoppgåvene dine, slik at du får tid til å studere utan at du går ned i lønn. Vikartilskotet er på kr. 227 000.

Lærarar søker stipend eller vikarordning i samarbeid med leiaren sin.

Vilkår

Kva slags utdanning kan du få støtte til?

Læraren vel sjølv eit studium i norsk som andrespråk som er spesielt retta inn mot norskopplæring for vaksne innvandrarar, eller generelle studium i norsk som andrespråk. Læraren søker sjølv om opptak til studiet ved aktuell høgskule eller universitet. Meir informasjon om aktuelle studiar her.

Ved søknad om stipend, avheng beløpet av kor mange studiepoeng læraren manglar for å oppfylle kompetansekravet, med maksimum kr 126 000 for 30 studiepoeng.

  • Lærarar som manglar meir enn 15 studiepoeng for å oppfylle minimumskravet, kan få innvilga fullt stipend på kr 126 000, for å ta studiepoenga dei manglar.
  • Lærarar som manglar 15 studiepoeng eller mindre, kan få innvilga stipend på kr 63 000 for å ta studiepoenga dei manglar.

Søknader til vikarordninga føreset at læraren som søkar skal ta 30 studiepoeng.

Denne utlysinga av stipend- og vikarordning er reservert for lærarar som startar i vidareutdanninga vårsemesteret 2025. Planlagd vidareutdanning må vere avslutta seinast vårsemesteret 2026.

Det er ikkje høve til å søke midlar for studium som allereie er påbyrja.

Korleis skal stipendet brukast?

Desse vilkåra gjeld for søknader om stipend.

Stipendet tilhøyrer læraren som får det innvilga. Lærer og skuleleiar blir saman samde om korleis stipendet skal brukast. Stipendet kan nyttast til finansiering av vikar og til kostnader i samband med vidareutdanninga. Stipendet kan vere skattepliktig i den utstrekkinga det overstig kostnader knytt til utdanninga. Les meir om skattereglane på skatteetaten.no.Les meir om skattereglane på skatteetaten.no.

Læraren får utbetalt stipend frå kommunen eller opplæringstilbydar etter at læraren har starta på studiet. Stipendet blir utbetalt i to ratar: 50 prosent etter stadfesta opptak ved studiet, og 50 prosent etter at studiet er stadfesta fullført.

Korleis skal vikarordninga brukast?

Desse vilkåra gjeld for søknader om vikartilskot.

Tilskotet blir i sin heilskap utbetalt til skuleeigar, som skal bruke midlane til å dekkje kostnader til vikar for læraren som skal ta vidareutdanning.

Lærarar som deltek i vikarordninga og tek 30 studiepoeng, skal totalt frigjerast frå ordinære arbeidsoppgåver tilsvarande 37,5 prosent av full stilling. Korleis denne tida blir fordelt i løpet av studieåret, blir avtalt lokalt.

Utgifter i samband med studiane

Skuleeigaren skal dekkje utgifter til reise, opphald, læremiddel og liknande for lærarar i både stipend- og vikarordninga. Kva dette inneber bør avtalast lokalt i forkant av studiestart.

Semesteravgifta er ei lovpålagd avgift for alle studentar i Noreg. Semesteravgifta blir ikkje dekt av HK-dir.

Lesedagar og eksamen

Fri til eksamen og lesedagar, samt praktisk gjennomføring av studiar må avtalast lokalt. Dette gjeld óg kva eventuell permisjon utan lønn vil ha å seie for pensjonsopptening.

Andre vilkår for tilskotet

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ikkje kapasitet til å endre tildeling for ein lærar frå stipend til vikarordning, eller omvendt, i etterkant.

Lærarar som får støtte til vidareutdanning frå Utdanningsdirektoratet kan ikkje få stipend eller vikartilskot frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for den same perioden.

Slik søker du

Offentleg tilsette lærarar søker i samråd med skuleleiaren sin. Dei fyller saman ut søknadsskjema og sender søknaden til skuleeigar. Skjema finn du lenger ned på sida. Skuleeigar prioriterer søknader og sender dei inn til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse gjennom tilskotsportalen vår.

Frist for å sende over søknad til skuleeigar er 27. september 2024. Frist for skuleeigar til å laste opp søknader i tilskotsportalen er 7. oktober 2024 kl. 15:00

Fast tilsette lærarar hos private tilbydarar som er godkjende (sjå over), eller hos private tilbydarar som har erklæring om oppdrag frå ein kommune, søker i samråd med leiaren sin. Private tilbydarar skal ikkje sende søknaden sin til ein kommune, men lastar den opp sjølv i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin tilskotsportal, innan 7. oktober 2024 kl. 15:00.

Rettleiing og malar

Registrer søknad

Her skal skuleeigarar og private opplæringstilbydarar laste opp søknadsskjemaa innan 7. oktober kl. 15:00.

Slik behandlar vi søknaden

Skuleeigar prioriterer søknadene frå skulane sine. Etter at skuleeigar har prioritert søknadene, sender han dei til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som gjer den avsluttande behandlinga og gjer vedtak.

Skuleeigar skal prioritere søknader som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • lærarar tilsett ved skular som ikkje har nokon lærarar med formell kompetanse i norsk som andrespråk
  • lærarar som ikkje har nokre studiepoeng i norsk som andrespråk
  • lærarar som har lærarutdanning
  • lærarar som underviser i norsk etter integreringslova i mesteparten av undervisningstida si

I tillegg kan skuleeigar prioritere ut frå kompetansehevingsplanane og behova sine.

Søknader frå private opplæringstilbydarar blir behandla av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse etter dei same kriteria.

Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Søknader som blir sende inn gjennom andre kanalar, eller ikkje er komplette ved utgang av søknadsfrist, vil ikkje bli behandla.

Det blir oppmoda til at minst to lærarar ved same opplæringsstad søker om støtte slik at lærarane kan delta i kompetansehevinga saman.

Slik vurderer vi søknaden

Korleis blir tilskota fordelte?

Støtta blir tildelt etter ei heilskapleg vurdering etter skjøn av oppfylling av kriteria og formåla med ordninga. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse følgjer skuleeigar sine prioriteringar av kvalifiserte søknader. Utover dette er følgjande prioriteringar førande:

  • Vi prioriterer for å oppnå geografisk spreiing på kompetansehevinga.
  • Vi prioriterer kommunar utan lærarar med formell kompetanse i norsk som andrespråk.

Når får du svar?

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse gjer vedtak og informerer søkjarane om resultatet innan utgangen av oktober.

Rapportering og oppfølging

Rapport etter avslutta utdanning blir levert gjennom søknadsportalen. Tilskotsbrevet vil innehalde informasjon om rapportering.

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00