Tilskot til kompetanseutvikling for industri- og byggenæringa
• Treparts bransjeprogram for kompetanseutviklingTilskot til industri- og byggenæringa er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2024 til juni 2027.
Kven kan søke
Tilskotsmottakarar kan vere:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg stønad
- offentlege fagskular og private fagskular med offentleg stønad
- fylkeskommunar
- studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
- andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål
Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan oppførast som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for gjennomføringa og rapporteringa til prosjektet.
Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Om bransjen
Bransjeprogrammet har som mål å utvikle og tilby korte utdanningsmodular som aukar konkurransekraft og produktivitet i industri- og byggenæringa. Eit anna mål er å bidra til betre omstillingsevne både i bedriftene og hos den enkelte arbeidar. Ny teknologi og digitalisering er blant drivarane for eit grønt skifte og ei meir berekraftig utvikling. Det er behov for kompetanse knytt til energiformer som er framtidsretta og klima- og miljømessig berekraftige. Klimaendringar, digital og teknologisk utvikling fører òg med seg eit auka behov for kompetanse innan risikoforebygging og tryggleik, herunder HMS, førstehjelp, kvalitetskontroll og cybertryggleik. Det er òg behov for ny og endra kompetanse når det gjeld materialar, prosessar, arbeidsmetodar og leiingsformer.
Målgrupper for dette bransjeprogrammet er fagarbeidarar, spesialarbeidarar, hjelpearbeidarar og tilsette med høgare yrkesfagleg utdanning, samt universitets- og høgskuleutdanna.
Opplæringstilbydarar blir oppfordra til å organisere utdanning/opplæring slik at den i størst mogeleg grad treffer deltakarar og senker terskelen for å kombinere opplæring og arbeid.
Bransjeprogramsstyret i Industri- og byggjenæringa er ved Byggenæringens Landsforening, Fellesforbundet, Forbundet for Ledelse og Teknikk, Industri Energi, LO, Nito, Norsk Industri, Parat og Tekna. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om å legge til rette for at det blir utvikla fleire korte og relevante kompetanseutviklingstilbod.
Om tilskotet
Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i Bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.
Ein kan søke om tilskot til
Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.
Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå utlysinga nedanfor.
Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for Bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.
Vi støtter hovudsakleg inntil eitt tilbod per tema innanfor kvart av formåla nedafor.
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilbodet skal vere på høgare yrkesfagleg utdanningsnivå eller bachelornivå.
Tilboda må bestå av små, fleksible og enkeltståande modular frå 5 til 10 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet. Maksimalt tal på studiepoeng for det samla tilbodet er 30 studiepoeng.
Tilbydar skal gjennom skildringa av dette konseptet vise/dokumentere forståing for heile verdikjeda (nytte, framstilling mv.) innanfor dei nemnde tema. Målgrupper er tilsette innanfor industrien, medrekna både fagarbeidarar og tilsette med høgare yrkesfagleg utdanning på bachelornivå.
Tema:
- Produksjon og industriell bruk
- Framstilling
- Berekraftig handtering og gjenbruk av batteri til større maskiner
- Verdikjeder og konseptforståing i havvind
- Berekraftig distribusjon og lagring
- Elektrokjemi
- Kraftelektronikk
- Materialteknologi og minerallære
- Termodynamikk
- Varmeprosessar og simuleringar
- Overordna «risikokompetanse» med tanke på eksplosjonsfaren knytt til hydrogen og ammoniakk
Ein kan søke om tilskot til å utvikle eit ikkje-formelt tilbod som omfattar alle tema nedanfor. Tilbodet skal vere ein kombinasjon av fysiske samlingar og digital opplæring.
Målgrupper er tilsette som arbeider med bygging, montering og reparasjon av tunge elektriske køyretøy og tunge køyretøy drive av gass; operatørar med fagbrev som chassispåbyggar, industrimekanikar, og tilsette på bilverkstader som manglar denne kunnskaper.
Tilbodet skal innehalde:
- Forståing av fare ved høg spenning og store strømstyrkar
- Bruk av riktig verktøy og verneutstyr
- Praktisk arbeid på køyretøy
- Kjennskap til og godkjenning av prosedyrar i samband med fråkopling og tilkopling av batteri
- Kjennskap til konsekvensar ved feil/ uhell ved arbeid med el og gass på store køyretøy
- Generelt HMS i samband med arbeid
- Førstehjelp ved strømskadar
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilboda kan vere på høgare yrkesfagleg nivå, eller universitets- og høgskulenivå. På universitets- og høgskulenivå skal tilboda primært vere på bachelornivå.
Tilboda må bestå av små, fleksible og enkeltståande modular frå 5 til 10 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet. Maksimalt tal på studiepoeng for det samla tilbodet er 30 studiepoeng.
Målgrupper er byggherrar, eigendomsforvaltarar (offentlege og private), rådgivande ingeniørar, arkitektar, entreprenørar, handverkarar, lærarar på yrkesskular og lærarar på yrkesfaglærarutdanningane.
Relevante tema er:
- Byggeprosess
- Nye teknologiar
- Overvatnshandtering
- Byggemateriale
- Konstruksjonar (til dømes grøne tak)
- Byggemetodar: Oppdatert regelverk (Pbl/TEK17), Krav til ombrukskartlegging
- Geoteknikk
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilbodet skal vere på høgare yrkesfagleg utdanningsnivå.
Tilbodet må bestå av tre fleksible og enkeltståande modular på 5 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet.
Målgrupper er operatørar i industrien med fagbrev. Andre målgrupper er ingeniørar, yrkesfaglærarar og lærlingar som nærmar seg fagprøve.
Relevante tema er:
- Leverandørkontroll
- Inngåande inspeksjon
- Prosesskontroll
- Testing og prøvetaking
- Utgåande inspeksjon
- Ettersalskontroll
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av eit tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilbodet kan vere på høgare yrkesfagleg nivå eller universitets- og høgskulenivå. På universitets- og høgskulenivå skal tilboda primært vere på bachelornivå.
Tilboda må bestå av små, fleksible og enkeltståande modular frå 2,5 til 10 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet. Maksimalt tal på studiepoeng for det samla tilbodet er 30 studiepoeng.
Målgrupper er fagarbeidarar, teknikarar, ingeniørar og andre som har behov for kompetanse innen cybertryggleik.
Relevante tema er:
- Introduksjon til cybertryggleik
- Handtering av cybertruslar
- Endepunktstryggleik
- Nettverkstryggleik
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilbodet skal vere på høgare yrkesfagleg nivå, og omfanget skal vere ein modul på 5-10 studiepoeng.
Målgrupper er fagarbeidarar som er eller skal bli bas/lagleiarar i byggenæringa og fagarbeidarar som ønsker å styrke eigen kompetanse på samhandling, produktivitet og planlegging i byggeprosessen.
Relevante tema er:
- Produktivitet
- Leiing på arbeidsplassen
- Framdrift
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Utdanninga skal gjere handverkarar og rådgivarar i stand til å utføre tiltak på bygg slik at det ikkje blir tekniske og kulturhistoriske skadar.
Tilbodet skal vere på høgare yrkesfagleg nivå og omfanget skal vere éin modul på 10 studiepoeng. Opplæringa skal bestå av både fysiske samlingar og digital undervisning, samt ha relevans for programmet for "Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirker" fra Riksantikvaren. Målgrupper er handverkarar med svennebrev, arkitektar og rådgivarar innanfor bygg.
Relevante tema er:
- Gjennomføring av tilstandsvurderingar i tråd med NS3424, samanhang mellom skadebilete og årsak, samt vurdering av tiltak
- Kunnskap om eldre mur, tre og teglkonstruksjonar
- Kunnskap om tradisjonelle materiale som kalk, naturstein og materiale av tre
- Kjennskap til grunnleggande antikvariske prinsipp slik dei er utforma av Riksantikvaren
- Kunne vurdere materiale for reparasjon og ombruk/gjenbruk
- Kjennskap til relevant regelverk på området; Kulturminneloven, Plan og bygningsloven, Kyrkjedirektivet
- Kjennskap til grunnleggande stilepokar
- Kjennskap til organiseringa av kyrkjesektoren
- Kjennskap til søknadsprosessar innanfor feltet (Riksantikvaren, Fylket, biskopen mv.)
- Kjennskap til databasar for historiske søk
Tilskotet dekker
Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.
Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.
Døme på slike kostnader kan vere:
- Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
- Innkjøp av tenester
- Reiser og møte
- Leige av lokale og utstyr
- Opplæringsmateriell
- Marknadsføring
- Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet
I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.
Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.
For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skille mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.
Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.
Tilskotet dekker ikkje
Tilskotet skal ikkje nyttast til:
- Forteneste/utbytte
- Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
- Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
- Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader
Tilbydarar kan ikkje bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad.
Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskuletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).
Informasjon til fagskular
Fagskular som søker må involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskuletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskulen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.
Tilskotsbeløp
Det lyses ut 5 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2024, og i tillegg ein sum til vidare gjennomføringar.
Gjennomføringar i 2025 til 2027 er med eit atterhald om vidare løyve av midlar til bransjeprogram i statsbudsjett.
Slik søker du
Krav til søknaden
I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.
Det skal leggjast ved:
- Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
- Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til og med juni 2027.
- Samarbeidsavtalar kan leggjast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.
Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.
Det skal nyttast følgjande mal for budsjett:
Tilskot til universitet og høgskular i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).
Søknader som kjem etter fristen, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.
Krav til samarbeid
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.
Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 15. juni 2024. Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:
Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.
Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteken som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.
I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.
Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.
Krav til tilbodet
- Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
- Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
- Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
- Tilbodet skal også vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
- Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.
Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskulenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet.
Vi vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsagnsbrev.
Registrer søknad
Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.
Sjå "Opptak frå søkarseminar", nedst i teksten, for fleire opplysningar om korleis du skal du skal søke.
Slik behandlar vi søknaden
Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert under. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.
Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.
Det vil bli prioritert tilbod som:
- i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
- i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid (les om fleksibel opplæring på kompetansenorge.no)
- gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
- gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
- ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
- er kostnadseffektivt
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2024.
Rapportering og oppfølging
Vi vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsagnsbrev.
Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.
Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.
Tidsfristar
Prosjekta må vere avslutta seinast juni 2027 og sluttrapporterast seinast 1. oktober 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsagnsbrevet.