Hopp til hovudinnhald

Tilskot til kompetanseutvikling i avfalls- og gjenvinningsbransjen

• Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Tilskot til avfalls- og gjenvinningsbransjen er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2024 til juni 2027.

Kven kan søke

Tilskotsmottakarar kan vere:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg stønad
  • offentlege fagskular og private fagskular med offentleg stønad
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
  • andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål

Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan oppførast som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for gjennomføringa og rapporteringa til prosjektet.

Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Om bransjen

Avfalls- og gjenvinningsbransjen omfattar tilsette i både kommunale og private verksemder. Bransjen samlar inn avfall og vidareforedlar avfallet til materialgjenvinnbare kvalitetar eller avfallsbrensel. Dette er ei avgjerande teneste og ressurs i ein sirkulær økonomi. I tillegg handsamar bransjen farleg avfall og sørger for forskriftsmessig deponering av avfall som ikkje kan gjenvinnast. Bransjen tar seg mellom anna av hushaldningsavfall, næringsavfall frå tenesteytande næringar og offentlege verksemder, bygg- og anleggsavfall og industriavfall.

Bransjen er i vekst og det er behov for fleire utdanningstilbod retta mot tilsette på alle nivå. Gjennom bransjeprogram for avfall og gjenvinning samarbeider organisasjonane Fagforbundet, Fellesforbundet, KS, Maskinentreprenørenes Forbund, Norsk Arbeidsmandsforbund, Norsk Industri, Samfunnsbedriftene og Yrkestrafikkforbundet med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om å utvikle korte og relevante opplæringstilbod for tilsette på alle nivå i avfalls- og gjenvinningsbransjen.

Om tilskotet

Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i Bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.

Ein kan søke om tilskot til

Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.

Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå utlysinga nedanfor.

Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for Bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.

Vi støtter hovudsakleg inntil eitt tilbod per tema innanfor kvart av formåla nedafor.

Tilskotet dekker

Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.

Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.

Døme på slike kostnader kan vere:

  • Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
  • Innkjøp av tenester
  • Reiser og møte
  • Leige av lokale og utstyr
  • Opplæringsmateriell
  • Marknadsføring
  • Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet

I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.

Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.

For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skille mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.

Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.

Tilskotet dekker ikkje

Tilskotet skal ikkje nyttast til:

  • Forteneste/utbytte
  • Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
  • Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
  • Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader

Tilbydarar kan ikkje bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad.

Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskuletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).

Informasjon til fagskular

Fagskular som søker må involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskuletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskulen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.

Tilskotsbeløp

Det lyses ut 5 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2024, og i tillegg ein sum til vidare gjennomføringar.

Gjennomføringar i 2025 til 2027 er med eit atterhald om vidare løyve av midlar til bransjeprogram i statsbudsjett.

Slik søker du

Krav til søknaden

I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.

Det skal leggjast ved:

  1. Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
  2. Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til og med juni 2027.
  3. Samarbeidsavtalar kan leggjast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.

Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.

Det skal nyttast følgjande mal for budsjett:

Tilskot til universitet og høgskular i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).

Søknader som kjem etter fristen, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.

Krav til samarbeid

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.

Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 15. juni 2024. Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:

Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.

Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteken som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.

I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.

Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.

Krav til tilbodet

  • Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
  • Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
  • Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
  • Tilbodet skal også vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
  • Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.

Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskulenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet.

Vi vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.

Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsagnsbrev.

Registrer søknad

Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.

Sjå "Opptak frå søkarseminar", nedst i teksten, for fleire opplysningar om korleis du skal du skal søke.

Slik behandlar vi søknaden

Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert under. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.

Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.

Det vil bli prioritert tilbod som:

  • i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
  • i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid (les om fleksibel opplæring på kompetansenorge.no)
  • gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
  • gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
  • ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
  • er kostnadseffektivt

Når får du svar?

Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2024.

Rapportering og oppfølging

Vi vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsagnsbrev.

Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.

Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.

Tidsfristar

Prosjekta må vere avslutta seinast juni 2027 og sluttrapporterast seinast 1. oktober 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsagnsbrevet...

Kontakt oss

Bransjeprogrammet

E-post:bransjeprogrammet@hkdir.no