Hopp til hovudinnhald

Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk 2027-2028

Utlysinga gjeld læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne etter integreringslova. Ein kan søke om tilskot til omsetjing og tilpassing av slike læremiddel til nynorsk.

Kven kan søke

Forlag som produserer læremiddel, kan søke om tilskot til å omsetje eit av sine eksisterande læremiddel. Læremiddelet som skal omsetjast, må vere utgitt på søknadstidspunktet.

Verksemda som står som søkar, har ansvaret for å ta imot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet og rapportere når prosjektet er avslutta.

Søknadsfrist

23. november 2026 kl. 23.59 (CET)

Om tilskotet

Formål

Tilskotet skal bidra til at læremiddel som blir brukte i opplæringa i norsk for vaksne innvandrarar, blir produserte og gjorde tilgjengelege på begge målformer.

Tilskotsbeløp

Total ramme for tildeling av tilskot er 1 500 000 kroner.

Tilskotet kan dekke direkte kostnader til gjennomføringa av prosjektet og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring. Ein kan ikkje nytte tilskotet til investeringar i eigedom, utstyr, inventar eller liknande.

Vilkår

Læremidla som skal omsetjast, skal bygge på Læreplan i norsk for voksne innvandrere – Nivå A1–B2 | HK-dir og vere fleksible, differensierte og tilrettelagde for individuell tilpassing.

Prioriterte område:

  1. Omsetje og komplettere læremiddelpakkar på alle nivå, slik at alle ressursane som høyrer til eit læremiddel, finst på nynorsk.
  2. Omsetje læremiddel der ein legg til rette for arbeidsretting av opplæringa.
  3. Omsetje læremiddel der ein legg til rette for fleksibel og nettbasert norskopplæring.

Ein kan søke om tilskot til trykte læremiddel, digitale læremiddel eller ein kombinasjon av trykte og digitale komponentar.

Læremiddelet må vere ferdig og klart til utgiving innan 1. juni 2028.

Slik søker du

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde:

  • Opplysningar om søkarverksemda
  • Namn på kontaktperson for prosjektet
  • Opplysningar om læremiddelet som skal omsetjast: tittel, forfattar(ar), nivå og utgivingsform
  • Kort omtale av prosjektet: kva for komponentar som inngår, og korleis prosjektet skal kvalitetssikrast
  • Utgreiing om korleis omsetjinga blir kvalitetssikra, og korleis ein eventuelt tek i bruk kunstig intelligens (KI) og omsetjingsprogram
  • Budsjett for prosjektet
  • Plan for framdrift og tidspunkt for utgiving

Budsjett og plan skal sannsynleggjere at prosjektet kan gjennomførast.

Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre når søknadsfristen går ut. Søknader vil ikkje bli behandla dersom dei blir sende inn gjennom andre kanalar eller ikkje er komplette når søknadsfristen går ut.

Registrer søknad

Du kan sende søknaden til post@hkdir.no. Merk emnefeltet med «Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk».

Om du har spørsmål om utlysinga, send e-post til post@hkdir.no. Merk emnefeltet med «Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk».

Slik behandlar vi søknaden

Slik vurderer vi søknaden

Dersom det samla søknadsbeløpet er høgare enn beløpet som er lyst ut, prioriterer HK-dir mellom dei innkomne søknadene som oppfyller vilkåra, etter ei heilskapleg vurdering.

Når får du svar?

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vurderer søknadene fortløpande etter at fristen er ute.

Rapportering og oppfølging

Tilsegna vil innehalde meir informasjon om rapportering, utbetaling av tilskotet og anna.