Tilskot til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar
Studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar kan få tilskot gjennom eige tildeligsbrev.
Kven kan søke
- Studieforbund under Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet
- Vaksenopplæringsorganisasjonar: Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge(FuN)
Sjå tildelingsbrevet for tidsfristar.
Løpende (norsk tid)
Om tilskotet
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar tilskott til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar.
Tilskot til studieforbund:
Frå 2021 er tilskotsordninga for studieforbund delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. HK-dir forvaltar heile tilskotsordninga.
Studieforbund som primært rettar verksemda si mot utdannings- og kompetansepolitiske mål, vil få tilskotsmiddel frå Kunnskapsdepartementet. Desse er
- Studieforbundet Livslang Læring
- Studieforbund AOF Noreg
- Studieforbundet Næring og Samfunn
- Akademisk studieforbund.
Studieforbund som primært rettar verksemda si mot frivillighetspolitiske og kulturpolitiske mål, vil få tilskotsmiddel frå Kulturdepartementet. Desse er
- Studieforbundet Kultur og Tradisjon
- Studieforbundet Natur og Miljø
- Studieforbundet Funkis
- Studieforbundet Solidaritet
- Idrettens studieforbund
- Kristelig studieforbund
- Musikkens studieforbund
- Samisk studieforbund
- Venstres studieforbund
- Senterpartiets studieforbund
For 2024 er det samla tilskotet til studieforbund under Kulturdepartementet 180 600 000 kroner (kapittel 315 i statsbudsjettet), og 73 312 000 kroner til studieforbund under Kunnskapsdepartementet (kapittel 254 i statsbudsjettet).
Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar
Stortinget vedtar samla tilskot til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge (FuN). Tilskotet blir utbetalt av HK-dir.
For 2024 er tilskotet til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) 10 400 000 kroner (kapittel 315 i statsbudsjettet) og Fleksibel utdanning Norge (FuN) 1 871 000 kroner (kapittel 254 i statsbudsjettet).
Formål
Tilskot til studieforbund
Statstilskotet skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonanedeira kan tilby organisert opplæring for vaksne, og bidra til å redusere opplæringskostnadene til deltakarane.
Studieforbunda har ansvar for å fordele statstilskotet til organisasjonsledd og medlemsorganisasjonar som arrangerer kurs. Tilskotet blir fordelt mellom følgjande tre komponentar: grunntilskot, opplæringstilskot og tilretteleggingstilskot.
Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar
Voksenopplæringsforbundet (Vofo)
Formålet med tilskotet er å bidra til drifta av Vofo slik at Vofo kan gjerestudieforbunda betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og bruketilpassa opplæring av høg kvalitet.Vofo skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane i forhold til HK-dir, og framme kunnskap om og utvikling innanfor fagområdet og bruk av statstilskot.
Fleksibel utdanning Norge (FuN)
FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av fleksibel og nettbasert utdanning som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer også fellesoppgåver for nettskular og medlemsorganisasjonane. FuN skal bidra til å gjerenettskulane betre i stand til å tilby og synleggjere fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet. FuN skal saman med medlemmene bidra til å auketilgjengelegheita og kvaliteten på fleksibel og nettbasert utdanning.
Slik søker du
Sjå tildelingsbrevet for nærare informasjon om krav til søknad, rapportering og tidsfristar.
Rettleiing og malar
Maler til rapportering
Rapportering og oppfølging
Tilskot til studieforbund:
Sjå tildelingsbrevet for nærare informasjon om rapportering.
Studieforbund som mottar midlar skal bruke skjema for rapportering (se Veiledning og maler).
Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar (Vofo og FuN):
Sjå tildelingsbrevet for nærare informasjon om rapportering.