Hopp til hovudinnhald

Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning 2025

• Utviklingsmidler til høyere yrkesfaglig utdanning

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lysar ut 77,8 millionar kroner i tilskot til kvalitetsutvikling i høgare yrkesfagleg utdanning, med atterhald om  vedtak i Stortinget i samsvar med forslag for midlane i Prop. 1 S (2024-2025).

Kven kan søke

Under denne utlysinga kan følgande søke om midlar:

  • Offentlege og private fagskular

Fleire fagskular kan samarbeide om ein felles søknad. Søkarar vert oppfordra generelt til å etablere samarbeid med andre aktørar der dette kan styrke prosjektet.

Søknadsfrist

27. januar 2025 kl. 12.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Utlysinga er ein del av tilskotsordninga «Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning». Tilskotsordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Ordninga er etablert for å styrke kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom betre læring for studentane, auka kvalitet i undervisning og høg arbeidslivsrelevans. Tilskotsordninga er eitt av fleire tiltak som skal stimulere til kvalitetsheving i tråd med måla forhøgare yrkesfagleg utdanning.

Formål

Formålet med utviklingsmidlane er å stimulere til høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetanse arbeidslivet etterspør.

Det kan søkes midlar til prosjekter innan fire utviklingsområder:

  • Utvikling av utdanningar i samarbeid med lokalt, regionalt og nasjonalt arbeidsliv.
  • Kompetanseheving for lærare
  • Eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur
  • Utvikling av internasjonalisering

Felles for alle utviklingsområda er målet om å gje betre læring for studantene, bidra til auka kvalitet i undervisningen og at utdanningane skal vera relevante for arbeidslivet. Prosjektane kan rette seg inn mot båe stadbasert og fleksibel utdanning.

Slik søker du

Søknader må leverast gjennom HK-dirs søknadsportal Espresso.

Sjå utlysingstekst for informasjon om kva minimumskrav som gjeld for denne utlysinga,kva kriteria søknadene vil bli vurdert ut frå, og korleis søknaden vert behandla.

Rettleiing og malar