Hopp til hovudinnhald

– Eit førebilete for andre institusjonar

Publisert: 26. november 2025

Høgskulen i Volda er tildelt prisen som Årets Erasmusinstitusjon 2025 for det langsiktige og systematiske arbeidet sitt med Erasmus+-programmet.

To kvinner og en mann på en scene.

Prisvinnarane frå venstre: Rådgivar for utreisande studentmobilitet, Kari Strømme, studiedirektør Jan Terje Eidset og rådgivar ved internasjonalt kontor, Iulia Beleuta.

– Høgskulen i Volda er eit førebilete for andre institusjonar. Dei kombinerer høge ambisjonar med konkrete resultat og bidreg til eit levande internasjonalt miljø, seier divisjonsdirektør Ragnhild Tungesvik i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Stabilt høge mobilitetstall

Høgskulen har hatt stabilt høge mobilitetstal og har etablert nye samarbeid med partnarar mellom anna i Ukraina og Ghana.

Gjennom Erasmus+-prosjekt har dei også bidrege til viktige tema som fråfallsførebygging, auka IKT-kompetanse og omstillingsevne i arbeidslivet.

– Resultat av fleire tiår med arbeid

– Vi er veldig stolte og glade for å få denne prisen. Vi er ein liten institusjon som ligg langt frå dei større bysentera. Av den grunn har vi kanskje jobba ekstra hardt for å få til internasjonal aktivitet og utveksling. Mobiliteten vi ser ved høgskulen i dag er resultatet av fleire tiår med arbeid, siar studiedirektør Jan Terje Eidset.

Prisen vart delt ut for 11. gong under Erasmusseminaret for høgare utdanning 2025 i Bergen. Prisen er på 10.000 kroner som skal komme studentane til gode.