Hopp til hovudinnhald

Erasmus+

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 20

Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det er det største utdanningsprogrammet i verda, med eit budsjett på 26,5 milliardar euro for perioden 2021-2027.

Kva er Erasmus+

Programmet støttar mobilitet og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet: barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Kven står bak

Programmet er finansiert av Europakommisjonen. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er nasjonalt kontor for utdanningsdelen av programmet.

Formål

Erasmus+ skal bidra til kvalitet i utdanning gjennom inkludering og mangfald, aktivt medborgarskap, og digital og grøn omstilling.

Les meir om dei overgripande prioriteringane som skal prega aktivitetane i Erasmus+ 2021-2027:

Tre hovudtiltak

Erasmus+ har tre hovudtiltak:

  1. Mobilitet - elevar, lærlingar, studentar og deltakarar i vaksne si læring kan ha eit læringsopphald i utlandet. I tillegg kan lærarar og andre tilsette på alle nivå arbeide i eller ved utanlandske organisasjonar og institusjonar.
  2. Partnarskap for samarbeid - omfattar partnarskap mellom utdanningsinstitusjonar, relevante organisasjonar og arbeidsliv for å styrke og vidareutvikle europeisk samarbeid innanfor undervisning og læring. Tiltaket kan omfatte samarbeid med lærestader utanfor Europa.
  3. Støtte til politikkutvikling - omfattar prosjekt og aktivitetar for å gjennomføre EU-politikk og EU-instrument.

I tillegg kjem Jean Monnet-tiltaket som gir støtte til undervisning og forsking på europeisk historie og integrasjon.

Erasmus+ for ulike sektorar

Tildelingar

Informasjon om førre programperiode 2014-2020

Informasjon til deg som har pågåande prosjekt frå førre programperiode 2014-2020.

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no