Hopp til hovudinnhald

Reakkreditering til Erasmus Charter for Higher Education (ECHE)

Høgare utdanningsinstitusjonar som har eit Erasmus Charter for Higher Education (ECHE) i inneverande programperiode, må søkje om reakkreditering for å delta i Erasmus+ i programperioden 2028 – 2034.

Kven kan søke

Høgare utdanningsinstitusjonar som har ECHE i programperioden 2021 – 2027, kan søkje om reakkreditering for den nye programperioden.

Institusjonar som ikkje har ECHE i inneverande programperiode, kan ikkje søkje om reakkreditering i utlysningen i 2027. For desse institusjonane vil det først være mogleg å søke om reakkreditering  i 2028.

Det er førebels ikkje mogleg å sende inn søknad. Søknadsskjemaet er venta å bli tilgjengeleg i april 2027. 

Nærare informasjon og lenkje til søknadsskjemaet blir publisert på denne sida når det er klart.

Søknadsfrist

30. september 2027 kl. 17.00 (CET)

Om tilskotet

Akkreditering er eit kvalitetsrammeverk for høgare utdanningsinstitusjonar som ønsker å implementere aktivitetar i Erasmus+ programmet.

Reakkrediteringa som lysast ut i 2027 gir institusjonar med ECHE i programperioden 2021 – 2027 høve til å søkje om akkreditering for programperioden 2028 – 2034.

Akkreditering er ei føresetnad for å søke mobilitetsmidlar i ny programperiode som startar i 2028.

Kriterium for reakkreditering

Søknaden blir vurdert på grunnlag av institusjonen sine resultat (performance) frå avslutta Erasmus+-prosjekt og  etterleving av krava til akkrediteringa (compliance).

Sjå Programguiden 2027 for meir informasjon. HK-dir vil publisere nasjonale akkrediteringsreglar i første kvartal 2027.

Slik søker du

Søknaden skal sendast elektronisk gjennom Europakommisjonens Funding & Tenders Portal.

Søknadsskjemaet blir tilgjengeleg tilgjengeleg i mai 2027. Lenke til søknadsskjemaet blir publisert på denne sida når det er klart.

Slik behandlar vi søknaden

Søknaden blir behandla av HK-dir etter kriteria fastsatt i Programguiden og nasjonale kriteria (publiseres første kvartal 2027).

Når får du svar?

Vi tar sikte på å sende ut svar i løpet av hausten 2027.

Rapportering og oppfølging

Institusjonar som får innvilga akkreditering blir gjenstand for monitorering fra HK-dir i løpet av programperioden. Meir informasjon kjem i 2027.

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no