Hopp til hovudinnhald

Kapasitetsbygging i høgare utdanning

Gjennom kapasitetsbyggingsprosjekt i Erasmus+ kan høgare utdanningsinstitusjonar og andre relevante organisasjonar, samarbeide om å modernisere og internasjonalisere høgare utdanning. Prosjekta er retta mot institusjons- eller systemnivå i såkalla ikkje-tilslutta tredjeland, altså land utanfor EU og Noreg.

Kven kan søke

Norske høgare utdanningsinstitusjonar kan søke og vere koordinator.

Eit partnarskap/konsortium må bestå av:

  • Minst to EU-land eller tredjeland tilslutta Erasmus+ (f.eks. Noreg) med minst ein høgare utdanningsinstitusjon frå kvart land.
  • Minst eit ikkje-tilslutta tredjeland med minst to høgare utdanningsinstitusjonar (minimum to land i nokre regionar). Hvis det er fleire ikkje-tilslutta tredjeland, må det vere minst to høgare utdanningsinstitusjonar frå kvart av desse.
  • Andre typar partnarar kan delta, men berre frå land der krava til antal høgare utdanningsinstitusjonarer oppfylte.
  • Totalt må det vere minst like mange partnarar frå ikkje-tilslutta tredjeland som frå EU/tilslutta tredjeland.
  • For søknadar til «Strand 3» må det delta minst ei offentleg myndigheit med ansvar for høgare utdanning i kvart av dei involverte ikkje-tilslutta tredjelanda (for eksempel eit utdanningsdepartement).

Det er også nokre særlege reglar for bestemte regionar. Sjå Erasmus+ Programme guide 2027 for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.  

Søknadsfrist

9. februar 2027 kl. 17.00 (CET)

Om tilskotet

Kva kan du søke støtte til?

Kapasitetsbyggingsprosjekt kan ha tre former:

  • Småskala kapasitetsbygging («Fostering access to cooperation in higher education») retter seg mot institusjonar som har ingen eller liten erfaring frå internasjonale kapasitetsbyggingsprosjekt. Ein kan blant anna få støtte til å lage nye kurs og studieprogram, etterutdanne tilsette og betre administrasjonen ved samarbeidsinstitusjonane i ikkje-tilslutta tredjeland. Prosjektperioden er 24 eller 36 månadar, og ein kan søke mellom 200 000 og 400 000 euro.
  • Kapasitetsbygging på institusjonsnivå («Partnerships for transformation in highereducation») retter seg i hovudsak mot høgare utdanningsinstitusjonar i utvalde partnarland. Prosjekta skal bidra til nytenking i høgare utdanning og til å kople utdanninga tettare med arbeidslivet. Målet er å reformere både utdanning og administrasjon ved institusjonane i dei ikkje-tilslutta tredjelanda. Her kan ein blant anna søke om tilskot til utvikling av nyskapande studietilbod, nye måtar å organisere undervisninga, etterutdanningstilbod i samarbeid med aktørar i arbeidslivet og tiltak for å gjere institusjonane meir internasjonalt retta og styrke nettverk for forsking og innovasjon. Prosjektperioden er 24 eller 36 månadar, og ein kan søke mellom 400 000 og 800 000 euro.
  • Kapasitetsbygging på systemnivå («Structural reform projects») retter seg mot nasjonale høgare utdanningssystem og utdanningspolitikk i utvalde ikkje-tilslutta tredjeland. For dei fleste regionane er det ein føresetnad at prosjekta adresserer landprioriteringane innan EUsin Global Gateway. I prosjekt som retter seg mot systemnivå, må utdanningsmyndigheitene i dei ikkje-tilslutta tredjelanda inngå som fullverdig partnar i prosjektet. Prosjektperioden er 36 eller 48 månadar, og ein kan søke mellom 600 000 og 1 000 000 euro.
  • Under Strand 2 for region 3 vil tiltaket i 2027 også omfatte eit prosjekt med Palestina for å støtte etableringa av eit ope digitalt utdanningsmiljø, eller vidareutvikling av andre miljø, for å tilby studentar i Gaza høgare utdanning av god kvalitet. Målet er å gjere det mogleg for studentane å ta opp att eller starte på høgare utdanning der infrastrukturen er sett ut av drift. Det blir tildelt eitt prosjekt, med budsjett på 2 000 000 euro.

Slik søker du

Kapasitetsbygging er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.

Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søker ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA). 

Søknadsskjema blir publisert på EACEA sine eigne sider for tiltaket. Merk at det er individuelle søknadsskjema for kvar region.

Hugs at du kan søke på Prosjektetableringsmidlar frå HK-dir! 

Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda. 

Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar. 

Du kan søke om: 

  • Inntil 100 000 kroner som koordinator
  • Inntil 50 000 kroner som partnar

Søknadsfristen er løpande.

Rettleiing frå HK-dir 

HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid. 

Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa. 

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no