Ressursar Erasmus+
På denne sida har vi samla ulike ressursar for deg som planlegg å søke eller som har eit pågåande Erasmus+-prosjekt.
Programguide
I programguiden finn du alt du treng å vite om Erasmus+-programmet.
Strategi for norsk deltaking i Erasmus+
Regjeringa har høge ambisjonar for norsk deltaking i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet. For å støtte opp under dette, har regjeringa laga ein strategi med fire mål.
Måla er avgjerande for å auke kvalitet og relevans og skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar som knyter seg til inkludering, mangfald, digital og grøn omstilling.
- Samarbeidet skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.
- Samarbeidet skal styrke samhandling mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv.
- Samarbeidet skal gi fleire moglegheita til å delta i eit internasjonalt læringsmiljø.
- Samarbeidet skal bidra til utvikling av politikk og rammebetingingar.
Les heile Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet (PDF, regjeringen.no)
Prosjektdatabase
Her finn de prosjektbeskrivingar, resultat og kontaktinformasjon til alle prosjekt som har motteke midlar frå Erasmus+-programmet.
Plattforma kan òg nyttast til å finne nye partnarar for framtidig samarbeid eller for å sjå nærare på korleis andre har jobba med tema ein er interessert i.
Erasmushandbok
Her finn du informasjon om Erasmus+ på ein stad, retta mot Erasmus+-koordinatorar i høgare utdanning.
Handbok for KA2-prosjekt
Her finn de mellom anna informasjon om finansieringsmodell og rapportering for småskala- og samarbeidspartnarskap.
Rettleiing for inkludering
Her finn ein informasjon om korleis ein kan styrke inkluderings- og mangfaldsdimensjonen på tvers av sektorar.
Resultatformidling
Det er forventa at ein skal spreie informasjon om og formidle resultata frå Erasmus+-prosjekta både på lokalt, nasjonalt og på europeisk nivå. Slik kan også andre som ikkje er direkte involverte i prosjektet dra nytte av erfaringane, og resultata får ei levetid utover prosjektperioden.
Her finn du informasjon som kan vere til hjelp i arbeidet med formidling av prosjektresultat.
Europakommisjonen har også utarbeidd steg for steg-guiden "How to communicate your project". I den finn du råd og malar for heile kommunikasjonsprosessen frå planlegging til evaluering.
Treng du ein plakat til arrangementet ditt? Last ned og skriv ut i anten A4 eller A3-format.
Logo og grafisk profil
Logo skal nyttast i tilknyting til alle aktivitetar som er støtta av Erasmus+. Den skal vere godt synleg på nettsider og sosiale mediar som er brukte til å fremme programmet. Logoar kan du laste ned her. Her finn du også informasjon om grafisk profil samt retningslinjer for bruk av logo og profilmateriale.
#ErasmusDays
Under Erasmusdagane, som vert arrangerte kvar haust, kan du få ekstra merksemd til Erasmus+-prosjektet ditt. Over heile Europa er det arrangement og kampanjar som er med å vise fram resultata av Erasmus+. Bruk #erasmusdays i sosiale mediar, registrer arrangementet ditt på erasmusdays.eu og bli med på å vise fram kva Erasmus+ kan bidra til.