Erasmus+ Teacher Academies 2.0. er eit partnarskapsprogram med intensjon om å skapa nettverk som omfattar lærarutdanningsinstitusjonar og lærarorganisasjonar.
Kven kan søke
Søkjer må vere ein lærarutdanningsinsitusjon, og som er akkreditert med en Erasmus Charter for Higher Education (ECHE). Søkjar og alle deltakande organisasjonar må vere registrert i eit Erasmus+ land. Sjå Programguiden del A for informasjon om kva land som er gyldige som deltakarar. Døme på organisasjonstypar som kan delta (ikkje uttømmande liste):
- Lærarutdanningsinstitusjonar som utdannar lærarar til ISCED-nivå 0-4, samt yrkesfaglærarar. Det vil seie høgskular, institutt eller universitet som tilbyr innleiande lærarutdanning og/eller etter- og vidareutdanning.
- Offentlege forvaltningsorgan som er ansvarlege for utdanningspolicy, til dømes departement, direktorat etc.
- Offentlege eller private organ som er ansvarlege for å utvikle policy for lærarutdanning, samt utvikle standardar for lærarutdanning. Det kan vere på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå.
- Lærarorganisasjonar eller andre nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling.
- Myndigheiter ansvarlege for utdanning og opplæring av lærarar, samt tilsyn av vidare profesjonsutvikling og kvalifikasjonar hjå lærarar.
- Skular som samarbeider med lærarutdanningstilbydarar for å mogleggjere praksis som del av lærarutdanninga.
- Andre skular eller organisasjonar med relevans for prosjektet. Det kan til dømes vere skuler frå grunnskule til innleiande yrkesfagopplæring, og organisasjonar som NGO-ar eller lærarorganisasjonar.
I tillegg må eit Erasmus+ Lærarakademi bestå av minst 9 fullverdige partnarar frå minst 3 Erasmus+-land. ). For kvar EU-medlemsstat eller kvart tredjeland som er assosiert med programmet, og som er representert i konsortiet, må det vere:
• minst éin høgare utdanningsinstitusjon som tilbyr grunnutdanning for lærarar
og har eit Erasmus-charter for høgare utdanning;
• minst éi lokal, regional eller nasjonal styresmakt eller eitt samordningsorgan
med ansvar for skuleopplæring;
• minst éin skule som tilbyr allmennopplæring på førskule-, grunnskule-
eller vidaregåande nivå (inkludert grunnleggjande yrkesopplæring og barnehagetilbod).
I tillegg kan konsortiet, dersom det er relevant, omfatte ein tilbydar av etter- og vidareutdanning for lærarar.
Erasmus+-landa inkluderer i tillegg til dei 27 EU-landa, dei tre EFTA-landa som vert omfatta av EØS-avtalen: Norge, Island og Liechtenstein. I tillegg kjem Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.
Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

Søknadsfrist
23. februar 2027 kl. 17.00 (CET)
Om tilskotet
Kva kan du søke støtte til?
Ein kan søkje om midlar til å opprette europeiske lærarakademi (Erasmus+ Teacher Academies). Det vil seie partnarskap mellom institusjonar/organisasjonar av typen som er nemnd over.
I partnarskapa skal ein implementere eit samanhengande og omfattande sett med aktivitetar som støtter oppunder målsetnadane for tiltaket (sjå lenger ned under Meir informasjon om tiltaket).
For utfyllande forklaring og døme på slike aktivitetar, sjå Erasmus+ Programme guide.
Formål
Lærarakademia har fire hovudmål, som noko forenkla kan oppsummerast slik:
- Bidra til utvikling av policy og praksis tilknytt lærarutdanningane i Europa.
- Styrke den europeiske dimensjonen og internasjonaliseringa i lærarutdanningane.
- Utvikle og prøve ut forskjellige former for virtuell, fysisk og blanda mobilitet som del av initiell lærarutdanning samt lærarars vidare profesjonsutvikling.
- Bidra til å utvikle berekraftige partnarskap/samarbeid som verktøy for kvalitetsheving i lærarutdanningane.
Over tid er intensjonen å skape praksisfellesskap på tvers av europeiske landegrenser – særleg innanfor initiell lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling – med mål om at dette på sikt skal informere nasjonal og europeisk utdanningspolitikk og byggje oppunder innovasjon i lærarpraksis. Nettverka er meint å tilby både lærarar og studentar læringsmoglegheiter i pedagogiske førehald av felles relevans og interesse.
Varigheit på prosjektet
- Prosjektperioden er på tre år
Kor mykje støtte kan du få?
Maksimal søknadsramme for kvart partnarskap: 1,5 millionar EUR
Slik søker du
Du søkjer direkte til Europakommisjonen.
Dette er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.
Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).
Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.
Søk Prosjektetableringsmidler
Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkjarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda.
Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkjarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar.
Du kan søkje om:
- Inntil 100 000 kroner som koordinator
- Inntil 50 000 kroner som partner
Søknadsfristen er løypande.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon om prosjektetableringsstøtte her:
Rettleiing frå HK-dir
HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid.
Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa.
Slik behandlar vi søknaden
Lærarakademia er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjektene etter oppstart.
