Hopp til hovudinnhald

Småskalapartnarskap Erasmus+

• Erasmus+

Småskalapartnarskap (KA210) rettar seg mot søkarar som ønsker å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling. Tiltaket passar difor særleg for nye og uerfarne søkarar til Erasmus+.

Kven kan søke

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten og målgruppene ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:

  • skule og barnehage
  • fag- og yrkesopplæring
  • vaksne si læring

I tillegg rettar småskalapartnarskap seg særskilt mot grasrotorganisasjonar, nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).

I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for småskalapartnarskap (KA210 – Small-scale partnerships) innanfor respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden. 

Alle skular og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere din institusjon i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations». 

Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no. Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.

Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi god tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem.

Slik behandlar vi søknaden

Behandling og vurdering av søknad

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriterium i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+ .
  • Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll av den operasjonelle kapasiteten til søkarorganisasjonen. Du kan lese meir om det her.

Rapportering og oppfølging

Det er berre krav om ein sluttrapport som skal sendast til HK-dir når prosjektet er avslutta.

Du finn informasjon om rapportering under opplæringsmoduler i boksen under.

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no