Hopp til hovudinnhald

Samarbeidspartnarskap Erasmus+

• Erasmus+

Samarbeidspartnarskap i Erasmus+ støttar utdanningssamarbeid i Europa som bidreg til å utvikle, utveksle og prøve ut nyskapande praksis, pedagogisk metode og/eller ulike læringsaktivitetar.

Kven kan søke

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar som har vore etablert i minst to år, kan søke, så framt effekten ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:

  • barnehage og skule
  • fag- og yrkesopplæring (inkludert fagskular)
  • vaksne si læring
  • høgare utdanning

Eit samarbeidspartnarskap skal bestå av minst tre partnarar frå tre av Erasmus+-landa (dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).

Det er mogleg å inkludere partnarar frå land utanfor EU/EØS dersom dei tilfører prosjektet ein vesentleg meirverdi.

Ver merksam på at kvar institusjon som søker innanfor sektorane barnehage og skule, fag- og yrkesopplæring eller vaksne si læring kan berre vere involvert i maks. ti søknader (som koordinator eller partnar) per utlysingsår.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Tilskotsbeløp

Ein søker om eitt av tre ulike sekkebeløp: 120 000 euro, 250 000 euro eller 400 000 euro. For utfyllande informasjon om moglegheiter innanfor tiltaket og krav til søknaden, les kapittelet i programguiden om Cooperation partnerships.

For meir utfyllande informasjon om samarbeidspartnarskap, sjå informasjonsmodulane og ressursane i boksane nedanfor.

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).

I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for samarbeidspartnarskap (KA220 – Cooperation partnerships) innanfor dei respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden. 

Alle utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere institusjonen din i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations». 

Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no (ADU, SCH, VET) / erasmus@hkdir.no (høgare utdanning). Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.

Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi god tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem.

Nyttig informasjon for deg som søker:

På sida Ressursar (under) finn du vidare informasjon som vil vere nyttig å sjå til i søknadsprosessen.

Slik behandlar vi søknaden

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert av uavhengige ekspertar etter fastsette kriterium. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+ .
  • Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll for å vurdere om det er sannsynleg at søkarorganisasjonen har den nødvendige kapasiteten som trengs for å gjennomføre prosjektet den søker på. Du kan lese meir om det her.