Erasmusseminaret for høgare utdanning 2026
Vi har gleda av å invitere til Erasmusseminaret for universitets- og høgskulesektoren, som i år vil finne stad ved Clarion Hotel Bergen Airport i Bergen.
Det årlege Erasmusseminaret samlar tilsette frå universitets- og høgskulesektoren til fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging. Seminaret skal inspirere til vidare utvikling av internasjonalt samarbeid, styrke bruken av Erasmus+ som verkemiddel for internasjonalisering og bidra til at gode erfaringar og løysingar kjem fleire institusjonar til nytte.
Seminaret finn stad ved Flesland i Bergen 25. og 26. november 2026. Programmet startar kl. 11.00 den første dagen, slik at tilreisande kan kome same dag som seminaret startar.
Målgruppa for seminaret er hovudsakleg administrativt tilsette og leiarar som arbeider med Erasmus+-programmet. Seminaret vil òg kunne vere relevant for vitskapleg tilsette med særleg interesse for Erasmus+ og internasjonalt utdanningssamarbeid.
Programmet blir oppdatert fortløpande med nye innlegg, innleiarar og detaljar om sesjonane. Ver merksam på at tidene for dei enkelte sesjonane kan bli endra.
Deltakeravgift
Deltakaravgifta er 2750 kr (inkl MVA) uavhengig av om du deltek éin eller begge dagar, og inkluderer deltaking på konferansen, og dessutan lunsj begge dagar og middag 25. november.
Deltakaravgifta vil ikkje bli refundert ved avmelding etter 1. november.
Overnatting
Kvar enkelt deltakar må bestille si eiga reise og overnatting.
Vi har reservert rom med rabatt for deltakarar på Clarion Hotel Bergen Airport 25.-26. november. Bruk denne lenka innan 31. oktober for å bestille rabatterte rom. Obs! Standardinnstillinga er sett til to personar per rom. Hugs å endre talet på personar til éin dersom du ikkje skal dele rom med nokon.
Vi gler oss til å møte deg på Erasmusseminaret 2026, der vi saman kan dele kunnskap og erfaringar, og hente inspirasjon frå Erasmus+-fellesskapet.

Påmeldingsfrist
6. november 2026 kl. 23.59 (CET)