Hopp til hovudinnhald

Norsk fagspråk som pedagogisk verkemiddel

Korleis kan systematisk arbeid med fagspråk og terminologi styrkje læringa i høgare utdanning? På dette seminaret set vi søkjelys på terminologi som pedagogisk verkemiddel.

Tidspunkt: 25. august 2026 kl. 10.00- 25. august 2026 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Opptak frå arrangement

Ein sentral veg til kunnskap i eit fag går gjennom fagspråket og terminologien, det fagspråklege ordforrådet. Til dette seminaret har vi derfor samla eit knippe innleggshaldarar som drøftar og gir eksempel på korleis ein kan arbeide med fagspråk og terminologi på måtar som støttar opp under læringa til studentane.

Om nettseminaret

Saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen og Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo arrangerer vi jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga.

Nettseminara er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tok til å gjelde i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.

Nettseminara pleier å bli teiknspråktolka, men denne gongen har vi dessverre ikkje klart å skaffe tolk.

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)

Kontakt oss

Katrine Utgård

Seniorrådgiver

E-post:katrine.utgard@hkdir.no