Språk som kvalitet i høgare utdanning
Saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen arrangerer vi jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga. Her kan du sjå opptak frå tidlegare seminar.
Sist oppdatert : 12. mai 2026Nettseminara er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tredde i kraft i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.
Behov for norsk fagspråk for studentar
Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?
Dette seminaret utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.
Gjennom korte faglege innlegg ser vi på korleis dette påverkar lesinga, skrivinga og den faglege utviklinga til studentane. NSO bidreg med studentane sitt perspektiv.
Didrik Nohre Lønvik, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon gir eit innblikk i kva for utfordringar studentane har når det gjeld bruk av fagspråk, og korleis dette påverkar den faglege utviklinga deira.
Silje Molander, avdelingsdirektør i avdeling for yrkeskvalifisering og opptak i HK-dir fortel om språkkrav for opptak til høgare grunnutdanningar.
Marte Pupe Støyva, spesialbibliotekar og doktorgradsstudent, Universitetet i Stavanger tek for seg kva forskinga seier om studentane si lesing i dag, og kjem mellom anna inn på kva som krevst for å bli ein god lesar i ei digital tid.
Inga Bårdsen Tøllefsen, førstebibliotekar og leiar av Skrivesenteret ved UiT – Noregs arktiske universitet kjem med eit blikk på norsk som fagspråk sett frå Skrivesenteret.
Frå ca. 10.35 panelsamtale leia av Ann-Tove Eriksen, avdelingsdirektør i HK-dir.
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Språk som kvalitet i utdanninga - Behov for norsk fagspråk for studentar | HK-dir
Språk i pensum
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) presenterer ei undersøking om språk i pensum som dei utførte for Språkrådet hausten 2025. I undersøkinga har NIFU sett på språk i pensum for dei seks faga sjukepleie, historie, sosiologi, fysikk, informatikk og økonomi og administrasjon i det første og andre året på bachelorstudiet ved ulike institusjonar i høgare utdanning.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, om bakgrunnen for undersøkelsen og de føringene som ligger i lovverket og i handlingsplanen Frå ord til handling. Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (2023) fra Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.
Vera Schwach og Torstein de Besche, forskere ved NIFU, presenterer resultatene fra pensumundersøkelsen.
Natalie Woldengen, fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarlig i Norsk studentorganisasjon, kommenterer resultatene fra undersøkelsen sett fra et studentperspektiv.
Fra ca. kl. 10.35 – panelsamtale ledet av Åse Wetås med følgende deltakere:
- Tor Grande, styreleder i Universitets- og høyskolerådet
- Berit Karseth, viserektor for utdanning ved Universitetet i Oslo
- Sigrunn Eliassen, prorektor for utdanning ved Universitetet i Bergen
- Natalie Woldengen, fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarlig i Norsk studentorganisasjon
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Nettseminar om språk i pensum | HK-dir
Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning
Korleis lèt det seg gjere å skape insentiv til å bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk i høgare utdanning, særleg i samband med merittering og rekruttering? Finst det institusjonar som har prøvd ut dette i praksis? Kva endringar krevst for å få dette til?
Program frå kl. 10.00
- Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet, om aktuelle reformar for vurdering av forsking og forskarar og tankar om korleis ein kan sjå for seg mogelegheita for å inkludere parallellspråkleg praksis ved tilsetjing og opprykksituasjonar.
- Mathilde Skoie, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO), om kva UiO gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og om dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
- Verónica Pájaro, leiar av det språkpolitiske utvalet ved Universitetet i Agder (UiA), om kva UiA gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og i kva grad dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk.
- Hilde Gunn Slottemo, nestleiar i Forskerforbundet, om i kva grad det er lagt til rette for merittering av ulike aktivitetar knytte til samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane og kva typar aktivitetar som burde gje utteljing i samband med merittering.
Frå ca. kl. 10.40
- Panelsamtale med mellom anna spørsmål frå publikum
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning
La deg inspirere: Gode tips til å skrive på norsk i akademia
I dette seminaret vil vi vise at det lèt seg gjere å skrive lengre tekstar på norsk, som tidsskriftartiklar, lærebøker, leksikonartiklar og populærvitskaplege tekstar. Vi vil presentere konkrete og praktiske råd til korleis dette kan gjerast og forklare kvifor det er viktig. Dette vil vere særleg nyttig for deg som jobbar innan fagområde der ein for det meste bruker engelsk.
Kort innledning ved Natalie Woldengen, fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarlig i Norsk studentorganisasjon: «Hvorfor fagtekster på norsk er viktig for studentene»
Panelsamtale der fagpersoner deler sine erfaringer og gir deg konkrete, praktiske råd til hvordan du kan skrive fagtekster på norsk – og hvorfor det er viktig å bruke norsk som fagspråk. De som deltar, er
- Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, forfatter og redaktør av flere fagbøker og populærvitenskapelige bøker
- Marit Lobben, lingvist og hjerneforsker, forfatter av boka Språkhjernen
- Kjetil Bjorvatn, professor i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøyskole, lærebokforfatter
- Maria Hammerstrøm, redaktør for det populærvitenskapelige bladet Astronomi og forfatter av artikler til Store norske leksikon og Lille norske leksikon og av populærvitenskapelige bøker
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: La deg inspirere: Gode tips til å skrive på norsk i akademia
Språk som kvalitet i utdanninga – korleis få det til?
Korleis kan undervisarar og leiarar ved universitet og høgskular innlemme fagspråk og fagspråkleg kommunikasjon i utdanningane på måtar som fremjar utdanningskvalitet og studentane sitt læringsutbytte? Korleis kan internasjonalt tilsette støttast i overgangen frå å undervise på engelsk til å undervise på det nasjonale språket?
- Harald Bolstad Evensen, fag- og forskningspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon: om språk og læringsutbytte frå eit studentperspektiv
- Marita Kristiansen, fagspråkforskar og fagleg leiar for Termportalen: om samanhengen mellom fagspråk og fagkunnskap
- John Airey, professor ved Universitetet i Stockholm: om fagspesifikk litterasitet (disciplinary literacy) og korleis ein kan gå fram for å definere fagspesifikke språklege læringsmål
- Katja Årosin Laursen frå Center for Internationalisering og Parallelsproglighed, ansvarleg for danskkurs for internasjonalt tilsette ved Universitetet i København: om korleis internasjonalt tilsette kan støttast i overgangen frå å undervise på engelsk til å undervise på dansk
- Trude Bukve, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet: om korleis studentar opplever samanhengen mellom språk og læringsutbytte i høgare utdanning
Frå ca. kl. 10.50: spørsmål frå publikum
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Språk som kvalitet i utdanninga – korleis få det til? | HK-dir
Kva språk lærer ein best på?
Korleis heng språk i undervisning og pensum saman med kvalitet i høgare utdanning? Og kva plass har ferdigheiter i norsk fagspråk i det læringsutbyttet studentar skal sitje att med etter utdanninga?
Etter ei kort innleiing kjem desse innlegga:
- Studentane sitt læringsutbytte i morsmålet – kva seier Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) ved Gerhard Y. Amundsen, seniorrådgjevar i Nokut
- Korleis er det for studentane å måtte lære og forstå på eit anna språk enn morsmålet ved Peter Svensson, universitetslektor og dosent, Lunds universitet, Sverige, og medforfattar av boka På engelska förstår jag ungefär
- Resultat frå studiar og undersøkingar i Sverige om samanhengen mellom språk og utdanningskvalitet ved Hans Malmström, professor ved Chalmers tekniska högskola, Sverige, mellom anna aktuell med intervju i Khrono: Da forskeren undersøkte studenters lesing av pensum, ble han håpefull
- Om samanhengen mellom språk og utdanningskvalitet frå eit studentperspektiv ved Maiken Køien Andersen, fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO)
Frå ca. kl. 10.35: Panelsamtale mellom innleiarane leia av Kjetil Gundersen, seniorrådgjevar i Språkrådet
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Språk som kvalitet i utdanninga – kva språk lærer ein best på? | HK-dir