Internasjonal dimensjon i KA131
I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla internasjonale dimensjonen. For Storbritannia og Sveits vil dette endre seg frå Call 2027.
Sist oppdatert : 26. mars 2026I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla "internasjonale dimensjonen".
Den internasjonale dimensjonen i KA131 gjeld berre for utreisande studentar og tilsette, og opptil 20 prosent av prosjektets totale budsjett (siste tildelte budsjett) kan brukast til å finansiera desse aktivitetane.
Den internasjonale dimensjonen kjem i tillegg til KA171, og som vanleg er det mogleg å ha KA131- og KA171-prosjekt samtidig.
Den internasjonale dimensjonen i KA131 har mål om å vere berekraftig, dvs. langsiktig og stabil, og i mindre grad vere avhengig av konkurranseutsette midlar, slik som vi ser i KA171. Tiltaket og midlane skal vere enkle og fleksible i bruk, og vera ein måte for nykommarar, mindre institusjonar og institusjonar som ikkje har KA171-prosjekter, til å bli meir internasjonale og styrkje sin eigen internasjonaliseringsstrategi.
Den internasjonale dimensjonen i KA131 kan òg nyttast til å styrkje samarbeidet i eit pågåande KA171-prosjekt ved at utreisande studentar på bachelor- og masternivå kan gjevast støtte til utveksling dei elles ikkje kan få innanfor rammene av KA171.
Ved registrering av mobilitetar til partnarland i Beneficiary Module, må de kryssa av i boksen som heiter «International Mobility activity».
Storbritannia og Sveits frå Call 2027
Storbritannia og Sveits har i programperioden 2021 – 2027 vore rekna som tredjeland (ikkje‑assosierte land). Det har derfor vore mogleg å sende studentar og tilsette til desse landa gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131, innanfor ramma på inntil 20 prosent av prosjektbudsjettet.
Frå Call 2027 er Storbritannia og Sveits venta å delta i Erasmus+ som programland. Britiske og sveitsiske institusjonar kan først delta gjennom prosjekt som blir tildelte under Call 2027, og kan ikkje gå inn i prosjekt som allereie er i gang. Det inneber at studentar og tilsette tidlegast kan sendast på mobilitet til Storbritannia og Sveits frå 1. juni 2027, når 2027‑prosjekta startar.
For mobilitet frå Call 2027 må institusjonane ha inngått ei interinstitusjonell avtale (IIA) for Erasmus+. Eksisterande avtalar, som til dømes Swiss European Mobility Programme (SEMP), Turing‑avtalar eller andre bilaterale avtalar, oppfyller ikkje dette kravet. Avtalen må innehalde alle obligatoriske element i den offisielle Erasmus+-avtalen og forplikte partane til prinsippa i Erasmus Charter for Higher Education (ECHE).
I Call 2027 er det ikkje obligatorisk å bruke Erasmus Without Paper (EWP) for interinstitusjonelle avtalar (IIA) eller Learning Agreements (LA) med britiske og sveitsiske institusjonar. Institusjonane kan i denne perioden bruke eksisterande rutinar og system. Samtidig er det forventa at nye ECHE‑institusjonar følgjer utviklinga av European Student Card Initiative (ESCI) og førebur seg på krav som kjem i neste programperiode (2028 – 2034).
For prosjekt til og med Call 2026 gjeld framleis reglane som er skildra ovanfor, og mobilitet til Storbritannia og Sveits går då gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131.