Hopp til hovudinnhald

Online Language Support (OLS)

"Online Language Support" (OLS) er utvikla for å hjelpe deltakarar i Erasmus+ med å forbetre kunnskapen om språket dei skal jobbe eller studere på i utlandet, slik at dei kan få mest mogleg ut av denne opplevinga.

Sist oppdatert : 6. juni 2025

"Online Language Support" (OLS) tilbyr nettbasert språktest og språkkurs til deltakarar på Erasmus+-mobilitetsopphald.

Det er obligatorisk for dykk å promotere språklæring og den generelle bruken av OLS, men det er ikkje nødvendig å kontrollere at deltakarane har gjennomført språktest.

OLS bruker plattforma "EU Academy".

Hjelp og rettleiing

Tilgjengelege språk

OLS tilbyr eit breitt spekter av språkopplæringstenester for alle dei 29 offisielle språka i EU-medlemsstatane og programlanda knytt til Erasmus+: bulgarsk, tsjekkisk, dansk, tysk, gresk, engelsk, estisk, spansk, finsk, fransk, irsk gælisk, kroatisk, ungarsk, italiensk, litauisk, latvisk, maltesisk, nederlandsk, polsk, portugisisk, rumensk, slovakisk, slovensk, svensk, islandsk, makedonsk, norsk, serbisk og tyrkisk.

Studentar som skal studere språk som OLS ikkje gir tilbod om

I enkelte tilfelle der hovudspråket ikkje blir dekt av OLS, kan avsendar- eller mottakarinstitusjon tilby språkleg støtte på andre måtar. Ved retur kan deltakarane ta ei sluttvurdering, som let dei måle framgangen som er gjord under utanlandsopphaldet.

Avsendarinstitusjonen kan nytte administrasjonsmidlar (OS-midlar) til å dekkje utgifter til språkkurs for desse studentane.

Eksempel på e-post de kan sende til studentane

De må sende ut informasjon om innlogging på EU Academy til studentane slik at dei får tilgang til OLS. Med tiden vil det vere mogleg å gi studentane tilgang til OLS direkte frå Beneficiary Module.

Informasjon på norsk: Invitasjon til OLS e-post

Informasjon på engelsk: OLS sample invitation email