Hopp til hovudinnhald

Ukraina

Som følgje av Russlands angrepskrig i Ukraina, har Europakommisjonen opna opp for tilpassingar i pågåande prosjekt i KA131 og KA171.

Sist oppdatert : 18. februar 2026

Tilpassingane er frivillige tiltak som skal gje nødhjelp eller bistand til personar som er fordrivne eller ramma av krigen i Ukraina.

Tilpassingane vil krevje ein tilleggskontrakt. Denne tilleggskontrakten er lagt til i 2024- og 2025-kontrakten de har med HK-dir.

Tilpassingar i KA131

De kan nytte mobilitetsmidlane i alle pågåande KA131-prosjekt til å finansiere innreisande studentar og tilsette frå Ukraina.

Kommisjonen vil kunngjere når unntaket ikkje lenger gjeld. Når det skjer, skal pågåande mobilitetar avsluttast som planlagt.

Finansiering av innreisande mobilitetsdeltakarar vil ikkje påverke budsjettdelen som de kan bruke på utreisande mobilitet til land som ikkje er med i Erasmus+, den såkalla internasjonale dimensjonen.

Tillatne aktivitetar

  • for studentar
    • studieopphald og praksisopphald
    • blanda korttidsmobilitet
    • praksisopphald etter enda grad
  • for tilsette
    • undervisningsopphald og opplæringsopphald
    • blanda korttidsmobilitet
    • gjesteforelesarar frå arbeidslivet

Alle dei ulike aktivitetane må gå føre seg ved den norske mottakarinstitusjonen, men unntak av praksisopphald som blir planlagt i ei norsk bedrift, organisasjon o.l. Viss sendarinstitusjonen ikkje er operativ på grunn av krigen, vil de vere den einaste parten som organiserer mobiliteten. Blir praksisopphaldet planlagt utanfor mottakarorganisasjonen, t.d. i ei bedrift, så må desse òg blir involverte.

For KA131 er det statusen til søkjarane frå Ukraina som bestemmer om dei er kvalifiserte til å delta eller ikkje.

  • Studentar må vere innrullert ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina (ved studentmobilitet)
  • Ved praksisopphald etter enda grad, må det ha gått mindre enn 12 månader sidan studentane var ferdig utdanna ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina
  • Tilsette må vere tilsett ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina (ved tilsettmobilitet)

Tilpassingar i KA171

Når det gjeld og KA171, så er reglane for deltaking dei same som før.

Tilpassingane gjeld for Call 2022, 2023, 2024 og 2025.

Institusjonar som har pågåande prosjekt med Ukraina, kan overføra midlar frå eventuelle andre prosjektsamarbeid innanfor same region, dvs. Georgia, Aserbajdsjan, Moldova og Kviterussland - eller frå samarbeid med Russland. Ein kan òg overføre midlar frå samarbeid med Russland til eventuelle andre prosjektsamarbeid i same region som Ukraina. Dette krev ei endring av kontrakt. Ta kontakt med oss viss dette er aktuelt.

Alle studentar blir kategoriserte som deltakarar med færre moglegheiter.

Deltakarar frå andre ukrainske institusjonar enn dei som på noverande tidspunkt er inkludert i prosjektet, kan delta.

Det som er felles for KA131 og KA171

Deltakarar frå ukrainske institusjonar som er operative

Så lenge den ukrainske sendarinstitusjonen er operativ, må de

  • inkluder sendarinstitusjonen ved organiseringa av nye mobilitetar for studentar og tilsette
  • inngå ein interinstitusjonell avtale (IIA) med sendarinstitusjonen
  • inngå læringsavtalar og mobilitetsavtalar med sendarinstitusjonen

Ved å inngå IIA, læringsavtalar og mobilitetsavtalar, vil ukrainske institusjonar kunne følgje med på mobilitetane til studentane og dei tilsette, og følgje opp med anerkjenning av læringsutbytte/arbeidserfaring når mobilitetsdeltakarane kjem tilbake.

I tilfelle der det ikkje vart etablerte bilaterale avtalar før ein mobilitet fann stad, blir de oppmoda til å inngå ein IIA med den ukrainske sendarinstitusjonen så lenge denne er operative. I tillegg bør de inngå læringsavtalar og mobilitetsavtalar.

De har moglegheit til å ta direkte kontakt med det nasjonalkontoret i Ukraina viss de treng meir rettleiing. E-postadressa er office@erasmusplus.org.ua.

Deltakarar frå ukrainske institusjonar som ikkje er operative

I tilfelle der den ukrainske institusjonen ikkje lenger er operativ, fell kravet om IIA og nominasjon bort. Deltakarar som ønskjer å gjennomføra ein aktivitet, søkjar direkte til mottakarinstitusjonen. Læringsavtalar og mobilitetsavtalar treng berre signatur frå deltakar og mottakarinstitusjon, ev. organisasjonen eller bedrifta som skal ta imot praksisstudentar.

Mottakarinstitusjonen

  • kan tillate påmelding på rullerande basis utan nominasjonsfrist
  • bør setje opp klare kriterium og publisere desse for søknader og påmelding
  • bør vurdere å forenkle dokumentasjonskrava for språkferdigheiter, då det kan vere at deltakarane ikkje har tilgang til språktestar og språkbevis

Når det gjeld kriterium for utveljing, må mottakarinstitusjonen vurdere om deltakarane er kvalifiserte ut frå dokumentasjon.

Døme på godkjend dokumentasjon:

For studentar: registreringsbevis, vitnemål, og erklæringar frå utdanningsinstitusjon eller ukrainske styresmakter

For tilsette: lønnsslipp, arbeidskontrakt, erklæring utskrive frå utdanningsinstitusjon eller ukrainske styresmakter

Mottakarinstitusjonen kan på frivillig basis overta oppgåvene til sendarinstitusjonen når det gjeld å tilby introduksjonskurs eller førebuande kurs og annan bistand og støtte som studentane har krav på i samsvar med Erasmus Student Charter (PDF) - viss det er slik at sendarinstitusjonen ikkje er i stand til å gi denne rettleiinga og støtta.

Mottakarinstitusjonen blir oppmoda til å samarbeida med studentforeiningar og mobilitetsnettverk om integreringa av innkommande studentar.

Stipendsatsar for KA131 og KA171

Mottakarinstitusjonen bruker midlane frå pågåande prosjekt til å finansiere innkommande studentar og tilsette frå Ukraina.

Stipendsatsane følgjer KA171-ratane:

  • Studentar får 900 euro per månad
  • For blanda korttidsmobilitet gjeld dei same satsane som for øvrige studentar. Sjå Stipend til studentar og tilsette | HK-dir (hkdir.no).
  • Tilsette får 190 euro per dag. Stipendsatsen for tilsette på 2021-, 2022- og 2023-kontrakten er 180 euro per dag.
  • Alle deltakarar frå Ukraina skal registrerast som «Incoming international participant (under special conditions)» i BM. Dette gjer at boksen «Participant with fewer opportunities» automatisk bli huka av.
  • Studentar som blir registrert som "Participants with fewer opportunities" har krav på tilleggsstipend.
    • OBS! I unntakstilfelle kan de velje bort tilleggsstipendet, t.d. viss studenten får ytterlegare økonomisk støtte frå andre kjelder (ut over grunnbeløpet for individuell støtte frå Erasmus+)
  • Det er ikkje lov å gi «zero grant» til deltakere som blir registrert som "Participant with fewer opportunities". Det er lov å gi stipend for kun deler av oppholdet. Antall dager utan stipend legges inn i feltet "Non-funded duration (days)» i BM.

Deltakarane kan få inkluderingsstøtte («inclusion support») viss det er behov for spesiell tilrettelegging. Ta kontakt med HK-dir viss det er aktuelt.

Deltakarane inngår ein tilpassa stipendavtale med mottakarinstitusjonen viss sendarinstitusjonen ikkje er operativ.

I tråd med gjeldande reglar, kan stipendet berre bli gitt for perioden som blir brukt på studium/praksis/undervisning/opplæring.