Om mobilitet i høgare utdanning
Det er to ulike tiltak som rettar seg mot høgare utdanning. Mobilitet i høgare utdanning omfattar både individuell mobilitet i programland (KA131) og global mobilitet til og frå tredjeland som ikkje er assosierte med programmet (KA171).
Sist oppdatert : 23. juni 2026Kva omfattar ordninga?
- studieopphald og praksisopphald for studentar
- undervisnings- og opplæringsopphald for tilsette
- langtidsmobilitet (2-12 måneder), korttidsmobilitet (5-30 dager) og blanda mobilitet
- støtte til inkludering
To forskjellige tiltak
- Individuell mobilitet (KA131) gir støtte til mobilitet frå Noreg til Erasmus+ sine programland. Det gjeld medlemslanda i EU, og dessutan Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Institusjonane kan også bruke delar av tildelinga (opp mot 20%) til mobilitetsopphald utanfor dei assosierte landa. Ein kan ikkje få støtte til å ta i mot studentar og tilsette i KA131.
- Global mobilitet (KA171) gir støtte til mobilitet til og frå tredjeland som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet. Ordninga omfattar både studentmobilitet og tilsettmobilitet, og budsjettet er fordelt på ulike regionar som dekker heile verda.
I ny programperiode frå 2028 vil dei to tiltaka bli slått saman.
Kven kan søkje?
Norske høgare utdanningsinstitusjonar med gyldig Erasmus Charter for Higher Education (ECHE) kan søkje. Mobilitetskonsortium som består av fleire norske høgare utdanningsinstitusjonar kan også søkje. Det skal berre sendes inn ein søknad frå kvar institusjon på kvart av tiltaka.
Når og kor kan ein søkje?
Tiltaka har utlysningsfrist i februar kvart år. Ein søkjer gjennom Europakommisjonens system.
Kva kan institusjonane få støtte til?
Institusjonane kan søkje støtte til studie- og praksisopphald for studentar, og til undervisnings- og opplæringsopphald for tilsette. Ein kan òg få støtte til blanda mobilitet som involverer ein virtuell komponent i tillegg til eit kortare fysisk opphald. Dei studentane som er del av underrepresenterte grupper kan få eit tilleggsstipend på opp til 250 euro i månaden. Studentar og tilsette med spesielle behov kan òg få dekt meirkostnadar med mobiliteten.