Kva er Erasmus+
Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det er det største utdanningsprogrammet i verda, med eit budsjett på 26,5 milliardar euro for perioden 2021-2027.
Sist oppdatert : 26. juni 2026Programmet støttar mobilitet og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet: barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.
Erasmus+ skal bidra til kvalitet i utdanning gjennom inkludering og mangfald, aktivt medborgarskap, og digital og grøn omstilling.
Les meir om dei overgripande prioriteringane som skal prega aktivitetane i Erasmus+ 2021-2027:
- Berekraft
- Digitalisering
- Inkludering
- Aktivt medborgarskap
Tre hovudtiltak
Erasmus+ har tre hovudtiltak:
- Mobilitet - elevar, lærlingar, studentar og deltakarar i vaksne si læring kan ha eit læringsopphald i utlandet. I tillegg kan lærarar og andre tilsette på alle nivå arbeide i eller ved utanlandske organisasjonar og institusjonar.
- Partnarskap for samarbeid - omfattar partnarskap mellom utdanningsinstitusjonar, relevante organisasjonar og arbeidsliv for å styrke og vidareutvikle europeisk samarbeid innanfor undervisning og læring. Tiltaket kan omfatte samarbeid med lærestader utanfor Europa.
- Støtte til politikkutvikling - omfattar prosjekt og aktivitetar for å gjennomføre EU-politikk og EU-instrument.
I tillegg kjem Jean Monnet-tiltaket som gir støtte til undervisning og forsking på europeisk historie og integrasjon.
Strategi for norsk deltaking i Erasmus+
Regjeringa har høge ambisjonar for norsk deltaking i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet. For å støtte opp under dette, har regjeringa laga ein strategi med fire mål.
Måla er avgjerande for å auke kvalitet og relevans og skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar som knyter seg til inkludering, mangfald, digital og grøn omstilling.
- Samarbeidet skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.
- Samarbeidet skal styrke samhandling mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv.
- Samarbeidet skal gi fleire moglegheita til å delta i eit internasjonalt læringsmiljø.
- Samarbeidet skal bidra til utvikling av politikk og rammebetingingar.
Les heile Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet (PDF, regjeringen.no)