Hopp til hovudinnhald

Resultatformidling

Det er forventa at ein skal spreie informasjon om og formidle resultata frå Erasmus+-prosjekta både på lokalt, nasjonalt og på europeisk nivå.

Sist oppdatert : 24. juni 2026

Slik kan også andre som ikkje er direkte involverte i prosjektet dra nytte av erfaringane, og resultata får ei levetid utover prosjektperioden.

Her finn du informasjon som kan vere til hjelp i arbeidet med formidling av prosjektresultat.

Europakommisjonen har også utarbeidd steg for steg-guiden "How to communicate your project". I den finn du råd og malar for heile kommunikasjonsprosessen frå planlegging til evaluering.

Treng du ein plakat til arrangementet ditt? Last ned og skriv ut i anten A4 eller A3-format.