Utgreiing om modellar for stipendordningar for internasjonale studentar frå utanfor EØS og Sveits
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har vi kartlagt nordiske tilnærmingar og skissert overordna modellar for stipendordningar tilpassa det høgare utdanningssystemet i Noreg.
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Hausten 2023 vart det innført studieavgift for internasjonale studentar frå utanfor EU/EØS og Sveits ved norske institusjonar. I samband med dette fekk HK-dir i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å greia ut mogelege modellar for stipendordningar for internasjonale studentar frå land utanfor EØS og Sveits.
Første del av oppdraget gjekk ut på å kartlegga nordiske tilnærmingar og skissera overordna modellar for stipendordningar tilpassa det høgare utdanningssystemet i Noreg. Utgreiinga som svarer på første del vart levert som eit notat til KD 19.juni 2023.
Samandrag av notatet
Vi har kartlagt erfaringar med stipendordningar for den aktuelle studentmålgruppa i Danmark, Sverige og Finland. Kartlegginga visar at alle tre land har fleire stipendordningar, og hovudordninga i alle tre land gir stor autonomi til institusjonane. Innføringa av studieavgifter har ikkje stoppa straumen av internasjonale studentar frå land utanfor EØS og Sveits til høgare utdanning i dei nordiske landa. Det er grunn til å tru at stipendordningar motverkar tapet av studentar frå tredjeland. Målsettingar, innretningar og storleik avgjer i kva grad og på kva måte.
I notatet presenterer vi fem sentrale trekk som er relevante å ta omsyn til ved utforming av stipendmodellar:
- fordeling
- sentralisering
- føringar
- ytingsnivå
- omfang
Med utgangspunkt i desse trekka skisserte vi to mogelege tilnærmingar til stipendmodellar. Desse to modellane utelukkar ikkje kvarandre. Kva mål ei stipendordning skal bidra til å nå vil ha mykje å seia for korleis modellane vert utforma. Signala frå sektoren viser at fleksibilitet og autonomi er viktig. Sektoren ønskjer også at måla for stipendordningar vert tydelege.
I arbeidet vart sektoren trekt inn i så stor grad som råd innanfor dei aktuelle tidsrammene. Dersom du ønskjer å lesa notatet finn du dette her:
Dersom du ønskjer å lesa oppdragsbrevet finn du det på regjeringen.no -"Supplerende tildelingsbrev nr. 6 2023" (PDF).