Hopp til hovudinnhald

Nasjonalt forum for karriererettleiing

Nasjonalt forum for karriererettleiing skal gi sentrale aktørar moglegheit til å drøfte status, utvikling og problemstillingar på karriererettleiingsfeltet.

Sist oppdatert : 5. september 2024

Om forumet

Forumet skal tileigne seg aktuell kunnskap og informasjon og gi innspel til HK-dir sitt arbeid. Tema for møta vil vere aktuelle tiltak og problemstillingar som direktoratet arbeider med innanfor karriererettleiing, utdanningsval og utdannings- og arbeidsmarknadsinformasjon, relevante undersøkingar, faglege tema og tema medlemmane i forumet ønskjer å lyfte fram.

Forumet speglar arbeidet med karriererettleiing både på nasjonalt og regionalt nivå: styresmakter, interesseorganisasjonar og tilbydarar. I dag er det representantar for mange ulike organisasjonar/aktørar i forumet. Medlemmane i forumet er forventa å bringe problemstillingane som blir drøfta i forumet vidare til medlemmane sine og ta med innspel og aktuelle spørsmål tilbake.

Nasjonalt forum for karriererettleiing har vanlegvis to møte i året. Kvar organisasjon/aktør deltek med ein representant på møta. HK-dir leier forumet.

Referat frå møter