Karriererettleiing for integrering
Slik er organiseringa av karriererettleiing for flyktningar.
Sist oppdatert : 25. september 2024Nykomne flyktningar og innvandrarar, som har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet, har òg rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing, jmf integreringslova §§ 10 og 11. Målet er å medverke til at den einskilde kan ta informerte val om arbeid og utdanning og til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskildes behov.
Det er kommunane som har ansvar for å tilrettelegge introduksjonsprogrammet i tråd med intensjonar og føresegn i lova og forskriftene. Kommunen skal syrgje for kompetansekartlegging, medrekna å registrere og dele opplysningar frå kompetansekartleggingen med fylkeskommunen. Kompetansekartleggingen skal leggje grunnlag for karriererettleiinga.
Fylkeskommunen skal syrgje for karriererettleiingstilbodet, medrekna å registrere og dele opplysningar frå karriererettleiinga med kommunen. Det er dei fylkeskommunale karrieresentra som gjennomfører karriererettleiinga saman med flyktningen.
Livsmeistring i eit nytt land er eit obligatorisk element for alle deltakarar i introduksjonsprogrammet. Deltakarane skal få minimum 15 timar om temaet Karrierekompetanse, inkludert kunnskap om arbeid og utdanning, jmf integreringsforskriften § 4. Det er kommunane som er ansvarleg for tilbodet.
Karriererettleiing i integreringsmottak er ikkje lovregulert. Fylkeskommunale karrieresentre kan søkje HK-dir om tilskot til karriererettleiiing i integreringsmottak. For å få tilskot må karrieresenteret ha ei samarbeidsavtale med ei kommune som har etablert integreringsmottak. I integreringsmottaka deltek bebuarane i eit fulltidsprogram der karriererettleiing er ein del av programmet. Tilbodet skal gjere deltakarane best mogleg rusta for vidare kvalifisering, og vidare busetjing skal skje i ein kommune som passar kvalifiseringsbehova til den einskilde bebuar.
For rettleiarar i karrierekompetanse
Ressurs for rettleiarar i karrierekompetanse er ein nettressurs for grupperettleiarar og lærarar som skal planleggje og gjennomføre timane i temaområdet Karrierekompetanse i standardelementet Livsmestring i eit nytt land i introduksjonsprogrammet.
Ressursen inneheld fagstoff og nyttige lenkjer, forslag til oppgåver og tips til førebuing for rettleiarane/lærarane.
Ressursen må sjåast i samanheng med dei generelle anbefalingane for gjennomføring som finst i Fagressurs for introduksjonsprogrammet, Livsmestring i eit nytt land, hos Imdi.
Sjå film om karriererettleiing
Film om karriererettleiing som beskriv kva karriererettleiing er og kan medverke til for enkeltpersonar. Filmen fokuserer på situasjonar i livet der karriererettleiing kan gi den einskilde betre oversikt over moglegheiter og hjelp til å ta gode val.
Filmen finnst på norsk, engelsk, fransk, arabisk, ukrainsk og russisk.
Brosjyrer om karriererettleiing
Her finn du ei brosjyre på fleire språk som forklarer kva karriererettleiing for flyktningar er, kven som tilbyr karriererettleiinga, kva ein kan forvente av samtalen, og kva karriererettleiing kan medverke til for den einskilde.
Pågåande arbeid
HK-dir har ansvar for å støtte og rettleie fylkeskommunane i deira oppdrag med karriererettleiing for nykomne flyktningar og innvandrarar, inkludert oppfølging av dei fylkeskommunane som gjennomfører karriererettleiing i integreringsmottak.
HK-dir har óg ansvar for å støtte kommunar i å utvikle og gjennomføre undervisning og rettleiing i Karrierekompetanse, som er eitt av to temaområde i standardelementet Livsmestring i eit nytt land i introduksjonsprogrammet.